Tikkio har teke i bruk eit rettferdig køsystem som reduserer feilkjøp og stress ved store billettslepp.

På nokon slepp dei siste vekene der det på forhånd var venta stor pågang, har vi brukt eit køsystem. Dette sørger for at det er 100% rettferdig kven som kjem til først, ikkje tilfeldigheiter knytta til kor raske linjer ein sit på, kor rask pc eller mobil osv.

Om ein kjem inn i køa 2 timar før billettslepp eller 2 sekund har ingenting å seie. Alle desse vil bli gjenstand for ei «digital loddtrekning» og plassert på tilfeldig plass når sleppet startar. Då har altså ikkje dei som kan ta seg fri frå jobb noken fordel framfor andre. Frå billettsleppet startar, vil seinare ankomne måtte stå i kø etter den rekkefølge dei kom til. På progresjonsstolpen i køa, så ser ein til eikvar tid kor godt ein ligg an.

Når ein slepp gjennom og inn for å kjøpe, så kan ein kjøpe i ro og mak.

Erfaringane hittil er gode

  • Det er heilt rettferdig ovenfor sluttkundane
  • Ein reduserer faren for feil på grunn av problem hos Tikkio eller våre underleverandørar
  • Ein reduserer faren for brukarfeil; at det blir så oppjaga at ein kjøper feil billettype, brukar feil kort, ikkje finn kortet eller Bankid osv
  • Om brukaren lukkar nettlesaren eller går tom for straum eller har andre krasj hos seg, så får ein framleis plassen sin i køa når ein går tilbake til sida

TL;DR

  • Tikkio har introdusert et køsystem

  • Køsystemet er heilt rettferdig ovenfor sluttkundane

  • Ein reduserer faren for feil

  • Sluttkundane kan kjøpe i ro og mak.

Forventer du stort press på billettsalget? Da vil vi gjerne bli kontaktet på forhånd slik at vi kan hjelpe med råd om køsystemet.

Du kan kontakte oss via chatten i Event Manager eller på support@tikkio.com

 

Jesper Ravn-Jensen

Jesper Ravn-Jensen

Account, Customer success & Content Manager i Tikkio Danmark. Jeg er en tidligere musiker med en Cand.soc i Economics and Business Administration. Pragmatist, med bred kunnskap i sub-kulturer. Jeg liker å jobbe med CRM-verktøyet Pipedrive, og ha en stor kjærlighet til 1960-tallets soul og beat musikk så vel som Veronica Maggio.