Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
JORUNN UNDHEIM

Den bortkomne Faderen/Haugtussa i nye tonar

Organizer JORUNN UNDHEIM
Venue Knudaheio
Undheim, Norge
Date 21. June 2020
Open from 17:45 to 19:45
Show starts 18:00

Den bortkomne Faderen

Den bortkomne Faderen (1899) er Arne Garborgs kortaste og vakraste roman, ein poetisk og musikalsk tekst om livets meiningssøkande spørsmål. I 2019 las skodespelar Torbjørn Berglund Eriksen boka i si heilskap under Garborgdagar. I ei noko forkorta utgåve tok han romanen med seg på turné frå Litteraturhuset i Oslo, til Tou Scene i Stavanger hausten 2019. På konserten 21. juni på Knudaheio får publikum høyre utdrag frå romanen.

Etter at han blei uteksaminert frå teaterhøgskulen (KHiO) i 2003 har Torbjørn Berglund Eriksen vore tilsett ved Rogaland Teater og Det Norske Teatret. Sidan 2010 har han arbeida som frilans skodespelar. Han har blant anna spelt roller som Werther i «Unge Werthers lidingar» (2010), Orin i «Sorga kler Elektra» (2012), tittelrolla i «Hamlet» (2014). Dei to sistnemnde tolkningane fekk Berglund Eriksen Heddapris for.


Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar

I oktober 2019 gav komponist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim ut albumet «Der draumar sviv», som inneheld 14 tonsette dikt frå Haugtussa av Arne Garborg.

Songar Jorunn Undheim vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden der diktarstova Knudaheio i dag ligg, og i naturen som Garborg skildrar i diktsyklusen. Gjennom musikken, og ikkje minst gjennom Sigbjørn Reime si språkmoderniserte utgåve av syklusen, presenterer "Der draumar sviv" ei Haugtussa for vår tid.

Sundag 21. juni vert musikken framført i hagen på Knudaheio.

Les konsertmelding frå duokonserten her: artistfoto.no/2020/03/10/haugtussa-tidenes-mest-intime-intimkonsert-nordberg-fort/

Som følgje av smittevernreglane, har vi 40 publikumsplassar. Vi bed dei som vil sitje under konserten om å ta med eigen stol. Vi gjer òg merksam på at det ikkje finst noko toalett å nytte på Knudaheio, og at konserten kjem til å verte spelt under open himmel. Konserten kjem til å vare om lag ein time.

Den bortkomne Faderen

Den bortkomne Faderen (1899) er Arne Garborgs kortaste og vakraste roman, ein poetisk og musikalsk tekst om livets meiningssøkande spørsmål. I 2019 las skodespelar Torbjørn Berglund Eriksen boka i si heilskap under Garborgdagar. I ei noko...

Tickets
Der draumar sviv - 21. juni 300 NOK
-
0
+

Save culture

The Corona virus has enormous consequences for society as a whole, both when it comes to health and financially. One of the industries that was hit the earliest and hardest is the experience industry.

The majority of organizers, artists, nightclubs, technicians and others who make a living gathering people have lost their livelihoods and life's work from one day to the next.

We are now doing everything in our power to help save culture.

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve