Herøyspelet "Kongens Ring" søndag 2. juli

Øya Herøy i Herøy
01-02. July 2017
Doors open at 11:30
Doors closes at 19:30
http://www.kongensring.no

Velkomen til verdas vakraste vikingmusikal i Herøy havland!

Forestillingar klokka 13.30 og 17.00 både laurdag 1. juli og søndag 2. juli.

Kjærleik og sjalusi, drap og drama, hemn og heltar. 200 aktørar spelar fram ei historie som har alt, på ei utescene som har det storslagne Stadhavet som bakteppe, og der sjefsregissøren sender stadig skiftande lys gjennom både solglimt og regndråpar.

Kongens Ring er eit av dei få Olavsspela i landet. I tillegg er det eit spel med mykje musikk, stort orkester og kor.

Spelet vert vist på øya Herøy som har samla folk i over tusen år. I tunet på Herøy kystmuseum, ein handelsstad som den var på midten av 1800-talet, er det salsbuder, kafe og folkeliv. Her får også barna drive med sverdleik og prøve vikingkostymar.

På den nesten tusen år gamle kyrkjestaden er det spelgudsteneste søndag føremiddag.

This event has concluded already.