Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
Viti musea

Djupdykk blant mystiske vesen i Blåmyra!

https://www.vitimusea.no/
Organizer Viti musea
Venue Fiskerimuseet
Molovegen 10, Ålesund, Norge
Date 11. June 2022
Show starts 13:00
Age limit 10

Gå ikkje glipp av denne spanande framsyninga med forteljar Guri Aasen. Bli kjend med dei underlege, trolske og stundom fryktinngytande skapningane vi må ut i det ville havgapet på Sunnmørskysten for å få auge på. Slike som Kraken, Åletusten, Draugen, Havbokkjen, Margygra og Marmælen.

Ispunne vitnesbyrd om truverdige sjøfolk sine møte med desse skapningane, får ein óg lære litt av kvart om gamle merke på godt og ringt fiske - og om magi som fremjar lukke eller kan føre til ulukke til havs om ein ikkje er retteleg førebudd! Visste du til dømes at blodpølse er stormmat? Greit å vite i tilfelle det skulle havne ei slik i nistedåsen neste gong du skal ut i båt!

Inkludert i billetten vert det servert nydeleg fiskesuppe med nysteikt foccaciabrød attåt –og avrunda med ein kaffitår.

Passar godt for både den yngre og eldre garde!

Oppmøte 15 minutt før arrangementet startar.

Gå ikkje glipp av denne spanande framsyninga med forteljar Guri Aasen. Bli kjend med dei underlege, trolske og stundom fryktinngytande skapningane vi må ut i det ville havgapet på Sunnmørskysten for å få auge på. Slike som Kraken, Åletusten, Draugen, Havbokkjen, Margygra...

Ticket name Choose amount
Spanande forestilling inkl. nydeleg fiskesuppe 280,00 NOK
-
0
+
Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve