Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
Sigurd Rønningen

Master Chef Heine Totland | Festmiddag & musikalsk humorshow

Organizer Sigurd Rønningen
Venue Bokhandel'n Bakeri & Mathus
Halland 2, Vågå, Norway
Date 9. August 2022
Open from 18:00 to 22:00

Heine Totland inviterer til flunk nytt musikalsk humorshow i Vågå - toppa med festmiddag komponert av Master Chef og multitalent Totland.

Heine Totland vann Master Chef og speler fletta av kven som helst. I lag med Bokhandel'n sin kjøkensjef Mathias Kolari byr Heine inn til heilaften med tre rettar for alle sansar - toppa med konsert i sommarnatta. Ein kveld for minneboka!

Master Chef Heines festmeny:
> Forrett: XX
> Hovudrett: XX
> Dessert: XX

Eit knippe favorittvinar vald ut av Heine som tilval.

Bordsetting frå kl 18

Konsert frå kl 20

Bokbar frå kl 22

Vel heim kl 02

Om Heine Totland:

Det finnast mange musikarar og mange artistar, men det er ikkje mange som kan kalle seg entertainer. Sangeren Heine Totland er ein av dei få. Den sjarmerande vestlendingen meistrar det å vere musikar, artist - og underholdar. Det blir fort allsang og rockefot, smil og glede, og det oppstår ein sjeldan feelgood-stemning i salen når Heine Totland er i sitt ess.

Heine Totland lev for å underhalde.

Heine har tidlegare spelt hovudroller i musikalar som Mamma Mia og Buddy Holly, prega Farmen Kjendis og vunne Master Chef - og han har lagd show som til saman har seld over 60.000 billettar. Nå er han klar for å ta scena åleine - i Vågå. Det vil seie nesten åleine. Heine har med seg sine to faste musikarar, vokalist Karianne Kjærnes, og kontrabassist Roger Allan Ivin, som stadig stjel showet. I lag med regissør Christine Hope har dei skapt ei forestilling som byr på den vidunderlege blandinga av musikk og humor.

I «Heine Aleine - og to til» kan du vente deg fine sangar, såre sangar og artige sangar, mange av dei sett inn i nye og vittige samanhengar. Heine fortel og små historiar, frå oppvekst på Bømlo til deltakar på Farmen.

Dette musikalske humorshowet og festmiddagen i forkant må rett og slett opplevast.

Velkomen til ei seinsommarnatt for minneboka!

Heine Totland inviterer til flunk nytt musikalsk humorshow i Vågå - toppa med festmiddag komponert av Master Chef og multitalent Totland.

Heine Totland vann Master Chef og speler fletta av kven som helst. I lag med Bokhandel'n sin kjøkensjef Mathias Kolari byr...

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve