100 Years and Young at Heart

Ulstein Group
02. September 2017
Doors open at 15:00
Doors closes at 19:00
Event starts at 16:00
http://ulstein.com

Ulstein Group 100-årsmarkering

Ulstein inviterer til gratis jubileumskonsert med kjende norske artistar laurdag 2. september. Alt du treng å gjere for å vere med er å registrere deg her for å få tilgang til billettar. Då har du garantert plass til arrangementet.

Cezinando er låtskrivaren og songaren du ikkje visste kor godt du kjende, før du høyrer songane hans, mellom anna ‘Håper du har plass’, frå tv-serien Skam. Cezinando skriv på norsk, og var kåra til årets nykomar i 2016, same år som han vann finalen i Urørt med songen €PA.

Sjarmtrolla frå Madcon vert også å finne på jubileumsfesten! Tshawe og Yosef i Madcon har markert seg på fleire internasjonale streaminglister med låter som Beggin, Don’t Worry og Glow. Duoen er også kjende fjes for mange ettersom dei har vore programleiarar og deltakar i ymse underholdningsprogram.
Popkometen Sigrid frå Ålesund har hausta ekstremt gode kritikkar for singelen «Don’t kill my vibe», ho er også aktuell som Apple music sin ‘Up next’ artist verda over. Sigrid er spådd ei stor internasjonal karriere på pop-scena.

Andre artistar er Sula-saksofonisten Webjørn Sæther, Peter Demirov på diverse tangentar og Ulstein mannskor, og det heile vert leia av Thomas Numme.

Festen vert halden i eit spektakulært industrielt miljø, i dokkhallen til Ulstein Verft i Ulsteinvik, og vi kan love SHOW! Velkomen til vår scene 2. september!

This event has concluded already.

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve