Julekonsert med Helge Jordal og MotBakkeOrkesteret

Vestnorsk utvandringssenter, Emigrantkyrkja
20. December 2017
Doors open at 19:30
Doors closes at 20:00
http://www.muho.no/en/vestnorsk-utvandringssenter/julekonsert-med-helge-jordal-og-motbakkeorkesteret

MotBakkeOrkesteret med Helge Jordal spelar skjeive låter med sving og innlevelse!

I 2007 starta miljøarbeidare og brukare ved Frelsesarmeens Bakkegaten bo- og omsorgssenter sitt eiga orkester. MotBakkeOrkesteret er det fyrste i sitt slag i Frelsesarmeens historie - aldri før har miljøarbeidare, brukare og tidlegere brukare på ein rusinstitusjon danna eit lignande band.

Det byrja med julekonsert i Grieghallen, så blei det Vossajazz og fleire stunt i Bergen. Og klart det hjalp å få Helge Jordal med på laget.

− Eg e en slags maskot, eg då. Før har eg også sunget stoff med klangbunn i det å ikke fikse verden så bra, seier skodespelaren som også har ein lang karriere som rockemusiker.

Sjølvsagt blir det julesongar på repertoaret denne kvelden, men også andre låter av motbakke-låtskrivare som Tom Waits, Johnny Cash og Cornelis Vreeswijk. Noke som seg hør og bør når Helge Jordal grip til mikrofonen.

Vestnorsk utvandringssenter ønsker velkomen til ein stemningsfull opplevelse på Sletta!

Dørene opnast kl 19.30, konserten startar kl 20.00

This event has concluded already.

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve