Pilgrimsdans forestilling

Lillehammer kirke
18. March 2018
Doors open at 17:30
Doors closes at 19:00
Event starts at 18:00
http://www.facebook.com/pilgrimsdans

This event has concluded already.

"Pilgrimsdans” er ein dansekonsert som er vorte laga spesielt for framføring i kyrkjerommet.

Den byggjer musikalsk på norsk folkemusikktradisjon, i kombinasjon med eit kyrkjemusikalsk utrykk. Musikken visualiserast av dansaren som utfordrar og forskar på kjente og ukjente rom i kyrkja. På eit vis blir dette ei reise, ei pilegrimsreise, der menneskjerom innvendig møter kyrkjerommet utvendig. Leik og møtepunkt mellom musikarane og dansaren er ein svært viktig del av det som veks frem i konserten.

Det er ikkje så ofte ein har konsertar som er spesiallaga for kyrkjerommet. Vi håpar derfor at publikum vil oppdage, og bli meir kjent med sine eigne kyrkjerom og samtidig utvide horisonten for både ny og tradisjonsrik musikk og dans.

Silje Onstad Hålien - dans
Andreas Ljones - feler, orgelpiper
Rune Tylden - orgel, piano

Billettar blir også selt i døra.

Vaksne: 200 kr
Ungdom/student: 100 kr

Velkomen til ei heilt unik oppleving i Lillehammer kirke.

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve