Sam Amidon (USA) + Torkjel Bruland Lavoll / Jensaløda, Leira

Jensaløda, Leira
30. May 2018
Doors open at 19:00
Doors closes at 23:00

Søre Sunnmøre kan bu seg på ei konsertoppleving av dei sjeldne når den amerikanske folkemusikaren Sam Amidon (Samuel Tear Amidon) kjem til Leira og Jensaløda 30. mai!

Sam Amidon representerer det beste i folkemusikken med sine særeigne tolkingar av eit stort repertoar av folkeviser. Han deler sterke forteljingar og vakre melodiar akkompagnert av gripande gitar-, banjo- og felespel med stor innleving. Saman med sin makkar Chris Vatalaro på trommer, bass, elektronikk og tangentar gir han folkevisene ei heilt unik ramme og musikalsk drakt. Dette vil du ikkje gå glipp av!

Oppvarming vert ved felespelar Torkjel Bruland Lavoll frå Førde. Han har hatt Sigmund Eikås som viktigaste læremeister sidan han starta å spele hardingfele som 7 åring. Han har hovudfokus på vestlandsspel, men er ikkje redd for å prøve seg på verken Hallingdal- eller Valdresmateriale. Torkjel har før vore på spelferd heilt til Usbekistan og Kina, men ser fram til å samkøyre frå Volda ved dette høvet.

Hald av datoen og sørg for å sikre deg billett før dei forsvinn!

Ticket name Choose amount
Born 200 NOK
-
0
+
Vaksen 300 NOK
-
0
+