SOUTHBOUND er tilbake på Stødt !
Southbound er eit framifrå produkt av musikkollektivet Steinnes Whitehouse. Dei er 5 vaksne musikarar frå Ørsta/ Volda med kjærleik for og tru på, at den argaste rocken er langt ifrå død. Bandet gler seg til å vise fram klart og tydeleg at høge musikk faktisk var litt høgare før! Det vert songar om ein cowboy i solnedgong, dansing i måneskinet, whiskey og sjølvsagt eit hint eller to om at no er gutane attende i byen.
Southbound består av:
Trond Are Ryste – slagverk
Henning Hamre – gitar
Vidar J. Vartdal – gitar
Erik Moe – bass
Kjell Varpen - vokal
Dørene opnar kl. 19:00
ID: 20+