Egil Olsen - Øvre Ljøen

Øvre Ljøen
14. July 2018
Doors open at 18:00
Doors closes at 22:00
http://www.egilolsen.com

Bli med på utekonsert med Egil Olsen i fortryllande omgjevnadar på Øvre Ljøen på Hellesylt. På opplevings-garden til familien Bonsaksen, i fjellsida med utsikt over Storfjorden og Geirangerfjorden, er det bygd scene og amfi. Med Egil Olsen sin nydelege musikk, og dei majestetiske fjella og fjorden i bakgrunnen, blir dette ei stor natur- og musikk-oppleving.

Egil Olsen er omtala som “Noe av det fineste og mest underfundige vi har” (VG) og som “En av landets aller beste låtskrivere”(DN). Til hausten feirar han 10 år som soloartist. I tillegg til sine 5 kritikerroste album og hundrevis av konsertar, har Egil Olsen laga sine eigne platecover og musikkvideoar, bidrege med musikk i både filmar, tv og dataspel, hatt kunstutstilling og si eiga sjølvbiografiske teikneseriestripe i Dagbladet. Han har turnért i Noreg, Tyskland, Japan, Kina og USA, og spelt på alt fra store klubbar og festivalar som Rockefeller og Øya, til bittesmå kaféar og hagefestar. Han har til og med fått si eiga tributeplate der artistar som Thom Hell, Side Brok, Robert Post og Sondre Lerche tolkar songana hans. Til hausten ser han tilbake på 10 multikunstneriske år med sitt nye doble livealbum, ‘Egil Olsen Live’ og mykje anna spennande.

This event has concluded already.

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve