Jo Asgeir Lie & Eldgrim H. Springgard: "Stavkyrkja"

Finnesloftet på Voss
12. August 2018
Doors open at 18:30
Doors closes at 20:30
Event starts at 19:00
https://www.facebook.com/events/233900817336680/

Velkomen til ein heilt unik kveld i Finnesloftet:
"Stavkyrkja" - i tekst, musikk og bilete
med Jo Asgeir Lie (trekkspel) & Eldgrim H. Springgard (tekst/opplesing)

"Stavkyrkja" vart starta som ein kunstkalender, der biletkunstanar Trond Anderesson og forfattar Eldgrim H. Springgard fabulerte kring livet rundt Ål stavkyrkje, frå den vart bygd og til den vart riven. Stavkyrkja var ein viktig del av folks liv i bygda. Ikkje ulikt slik det var på Voss på same tida. Til lanseringa vart også Jo Asgeir Lie beden om å skrive musikk til dei tolv kalenderblada, og slik vart Stavkyrkja ein realitet, i tekst, musikk og bilete.

Ål stavkyrkje eksisterte i 700 år, frå siste halvdel av 1100-talet til 1880. Kyrkja med stav og spir er borte for lenge sidan. Men kva såg dei og kva tenkte dei, folk som levde den tida; på kyrkjeveg, eller under det motivrike taket i møte med det heilage? Menneska var truleg like tankefulle då som no; med barnleg fabulering, uvisse, undring, og truverdig visdom. Med bilete, korte tekstar og musikk får publikum hjelp til å assosiere fritt om folkeleg kristenliv i den norske stavkyrkjetida.

Jo Asgeir Lie
Er musikar og komponist med ein mangslungen produksjon bakom seg, som spenner frå folkemusikkmesse via musikk for teater til musikk skrive for store og små ensemble. Trekkspelet er hovudinstrument hans, og med folkemusikken som grunnlag og inspirasjon har dei musikalske samarbeida har vorte mange, og som spenner frå Kringkastingsorkestret til Ole Paus. Folkemusikkgruppa Kvarts er ein viktig del av det musikalske virket, og med denne gruppa har han også vunne to Spelemannprisar.

Eldgrim H. Springgard
Har skrivi tekster for teater og scene sidan tidleg på 80-talet. Starta med diktskriving i den heimlege ungdomsklubben Lokallaget for Leveldlitteratur og løgelege lyrikarar på 70-talet. Har gjennom roller i Leveld Teaterlag og som lausarbeidar lang fartstid som tekstformidlar. Gjennom åra har det vore fleire samarbeidsprosjekt med både Jo Asgeir Lie og Trond Andersson.

Bileta:
Trond Andersson
Er biletkunstnar, bokillustratør, typograf og sakprosaforfattar. Han har hatt, og har delteke på ei rekkje utstillingar i inn- og utland med teikningar og datagrafkk (Giclée). Han har motteke nasjonale og internasjonale prisar for plakatkunsten sin, og har utført fleire utsmykkingsoppdrag. Folkekunsten har vore utgangspunkt i fleire datakunstprosjekt i landskap. Som bokkunstnar har han illustrert og formgjeve mange bøker.

Billettar
Kr. 200,-. Finnesloftet har 60 plassar, så her er det lurt å tinge billett på www.tikkio.com. Du kan også kjøpe billett i resepsjonen på Voss Vandrarheim fom fredag 13. juli. Billettsal også i døra (kontant eller vipps) ein halvtime før konsertstart.

Arrangementet varer i om lag 45 minutt

Start kvelden på Voss Vandrarheim
Sommarrestauranten til Voss Vandrarheim/Hostel opnar kl 17.30 og serverer heimelaga mat råvarer frå mellom anna Finnegarden på Voss og Voss Gardsslakteri-Selheim gard. Ring Voss Vandrarheim for å tinge bord.

Arrangør
Voss Vandrarheim, tlf. 56 51 20 17 / 97 59 38 88
booking@vosshostel.com

Finnesloftet er eid av Fortidsminneforeningen Hordaland avdeling.

This event has concluded already.

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve