Vinternatt - førjulskonsert i Emigrantkyrkja

Vestnorsk utvandringssenter, Emigrantkyrkja
29. November 2018
Doors open at 17:30
Doors closes at 18:00
Event starts at 18:00
http://www.muho.no/vestnorsk-utvandringssenter/vinternatt-f%C3%B8rjulskonsert-i-emigrantkyrkja
Ticket name Choose amount
Vinternatt - førjulskonsert i Emigrantkyrkja 150 NOK
-
0
+

Vinternatt er ein førjulskonsert som speglar ventetida, ei tid full av von og gleda. Dei gamle og kjære julesongane vil me gjerne høyra om att og om att, år etter år. Nostalgien tek oss med attende til tida da me var små, himmelen var stjerneklår, og det var så bitande kaldt at det knest under skoa når me gjekk i snøen.

Konserten vert spesiell, og Emigrantkyrkja vert fylt av vedunderlege tonar arrangert av Inger-Kristine Riber for strykekvartett, piano og song.

Seattle-Bergen Sister City Organization legg til rette for samarbeidet med strykekvartetten som kjem frå Seattle for å spela jula inn.

Reidun Horvei (song/forteljing)
Inger-Kristine Riber (piano)

Strykekvartett frå Seattle, USA:
Allion Salvador (fiolin)
Rachel Nesvig(fiolin/hardingfele)
Aleida Gehrels (bratsj)
Zoë Kohen Ley, (cello)

Hjarteleg velkomen til konsert!

Konserten startar kl 18.00, dørene opnar kl 17.30

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve