Glimesteinar - gjestebod i Borgja

Borgja
24. November 2018
Doors open at 19:30
Doors closes at 23:59
Ticket name Choose amount
Gjestebod i Borgja 790 NOK
-
0
+

Vi inviterer til ei feststund av dei sjeldne i Borgja denne kvelden med fire retters gourmetmiddag og den litterære konserten Glimesteinar.

Menyen er komponert med lokale råvarer, men hentar inspirasjon frå Island:

Velkomst:

Fritert egg med fenalår

Tartar av vestlandsk fjordfe
med ramlsøk og jordskokk, på fritert potetskive

Brød på bordet, heimelaga ferskost.

Hovudrett

Lam med ovsbakte persillerøter, lettrøykt gullrotpure
Med: tyttebær og løk sylta i islandsk øl. Skysaus med timian og sitron.

Dessert

Honningkake med skyr og eple i variasjonar

Glimesteinar - litterær konsert
mellom hovudrett og dessert:

Somme tider hender det noko som gjer at du løfter hovudet. Noko som kjennest vesentleg. Noko du vil hugse.

På Island lagar folk viser i slike situasjonar. Visene har ei fast form og finn seg tonar frå tradisjonen. Hugsar du tonen, hugsar du orda – og omvendt. Slik hugsar du også det viktige som hende deg.

-Johannes Gjerdåker har gjort eit fantastisk arbeid med utval og gjendikting av visene våre i ”Glimesteinar”. Det er ei glede og ei ære for meg å få samarbeide med Gabriel Fliflet og Berit Opheim om å formidle sjangeren som eg er så glad i, seier den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson.

-Eg er så heldig at eg har vakse opp med denne visekunsten, fortel Birgisson. - Om ein stortingsrepresentant skal vinne respekt av andre på Althingi i Reykjavik må han vere i stand til å lage ei slik vise, ei ferskytla. Det same gjeld andre yrkesgrupper. Når det i Dagsrevyen vert fortalt om ein kvinnekjær president i Amerika, innleier reporteren saka med å kvede ei vise om kvinnekjære mannfolk. Når ein professor på Universitetet skal forelese om kva danning eigentleg er, siterer han ei ferskytla, greier den ut og seier stort sett ikkje meir om emnet. Feirar du fødselsdag på Island, er den ikkje vellukka om ikkje det vert laga ei vise om bursdagsbarnet, forklarer forfattaren som vil fortelje publikum meir om denne eineståande folkediktinga som er allemannseige på Island.

Førdefestivalen – folkjazzscena og Rom for ord mønstrar eit stjernelag når dei islandske visene møter publikum i nynorsk språkdrakt denne hausten. Til den litterære konserten ”Glimesteinar” har Gabriel Fliflet tonesett fleire av visene i Gjerdåker si fine samling. – Tekstane er konsentrerte og poengterte, fortel musikar og komponist Gabriel Fliflet. – Det som skal seiast vert uttrykt i fire, korte linjer. Melodien må rekke å starte si ferd, gjere si reise og lande att. Ingen refreng, ingen omkvede. Det er ei spanande utfordring!

- Eg gler meg stort til å få vera med å formidla desse vakre, poetiske og fortetta tekstane til tradisjonelle norske og islandske melodiar, i tillegg til Gabriel sine nye, flotte meloditilskot. Det er inspirerande å vera i innøvingsprosessen med å lesa tekstar, øva inn nye melodiar og laga arrangement saman med Gabriel og Bergsveinn. Rett og slett stas, seier vår kanskje aller fremste folkesongar Berit Opheim.

- Den islandske visa formidlar det islandske landskapet, folket og historia, avsluttar Bergsveinn Birgisson og siterer ei av visene i Johannes Gjerdåker si gjendikting:

Lyder du når deg vert sagt
diktet folket laga,
får du opp i loven lagt
land og folk og saga.


Hlustir þú ef sé þér sögð
samankveðna bagan,
er þér upp í lófa lögð,
landið, þjóðin, sagan.




Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve