Your cart is empty

Jakupscena: Vegar Vårdal "Alumni" + Lom juniorspelmannslag

Doors open at 19:00

Jakupscena: Vegar Vårdal "Alumni" + Lom juniorspelmannslag

Konsertbillett barn

Gratis for alle under 12 år.

0,00 NOK

Konsertbillett ungdom

Fra 12-16 år.

106,00 NOK

Konsertbillett voksen

Fra og med 16 år og oppover.

211,00 NOK
Organizer
Jakupscena
Show starts 19:30
Location
Garmo bygdahus, Lom
Website http://www.jakupscena.no
Velkomen til konsert med prosjektet ALUMNI hjå Jakupscena.
Vegar Vårdal har med seg fire tidlegare studentar med eit spennande prosjekt der dei byr på ulike musikalske utfordringar!

Tid: Torsdag 8. mai kl. 19:30.
Stad: Garmo bygdahus, Eklevegen 2, 2685 Garmo i Lom.
Artist: Vegar Vårdal (feler, piano), Bjørn Kåre Odde (feler), Sigrid Stubsveen (feler), Sivert Holmen (feler) og Ingrid Lingaas Fossum (langeleik, song).
Ungdomsartist: Lom juniorspelmannslag.
Billettar 200,-/100,-/0,- kjøpast via Tikkio eller i døra.

I Alumni har Vegar Vårdal samla fire tidlegare studentar: Bjørn Kåre Odde, Sigrid Stubsveen, Sivert Holmen og Ingrid Lingaas Fossum. Kvar av dei har gjeve han ei musikalsk utfordring, og han har utfordra dei.

Gjennom året har dei arbeidd fram musikk dei sjølv ikkje hadde tenkt dei skulle lage. Men utanfor komfortsona ligg det mykje spennande, vakkert og uoppdaga. Besetninga varierer frå solo-stykker til full kvintett, med diverse feler, langeleik og song.

I 2025 markerer Vegar Vårdal 30 år som pedagog. Same år som han starta på kandidatstudiet på musikkhøgskolen fekk han sin fyrste elev, og sidan har han undervist studentar både på Norges Musikkhøgskole, på Ole Bull Akademiet, landslina i folkemusikk på Vinstra vgs. og ved fleire nordiske institusjonar. Alumni er hans måte å markere dette på.

Alumni kjem ut som album 2. mai på det Vågå-baserte plateselskapet Melovitten, og konserten er del av platesleppturneen.


www.jakupscena.no / www.facebook.com/jakupscena / jakupscena@gmail.com

Støtta av: Kulturdirektoratet, Innlandet fylkeskommune, Frifond/Norske kulturarrangører.

Foto: Anders Lillebo/Solveig Brekke Hauknes.
Merchant legal name Jakupscena
VAT 925554006
Personalize your experience We use your location to show you events near you. You can change your location at any time.
We do not share your location with anyone. Your location is only used to show you events near you.