Your cart is empty

Øystein Eckhoff // Tredet

Doors open at 20:00 (27.06.2025)

Øystein Eckhoff // Tredet

Billett Øystein Eckhoff

180,00 NOK
Advertisement
Organizer
Øystein Eckhoff
Open from 27.06.2025 20:00
End time 28.06.2025 02:00
Show starts 21:30
Age limit 20
Location
Tredet
Fredag 27 juni på Tredet
DOBBELKONSERT - Sjå info nederst.

Fredag 27. juni sparkar trubadur Øystein Eckhoff i gong sommarferien på Tredet i Volda. Alt skjer i velkjent stil - med allsong, dansing (helst ikkje på borda), fjasing og skrøner.
Har du kome til Volda på ferie innan den tid? Har du ikkje reist frå Volda innan då? Skal du reise på ferie den dagen, men tenkjer at du kansellerer alle flybillettane fordi Øystein Eckhoff spelar på Tredet? Ringjer du nær familie, fjern slekt, vener og fiendar og ber dei møte deg på Tredet denne dagen? Sjekkar du lokalavisene for å lese dei siste nyhenda og ryktene om Øystein Eckhoff, og klipper ut sidene og sorterar dei i permen din? Har du laminert Øystein Eckhoff Fanclub-medlemskortet ditt, og festa det på den tilhøyrande gullsløyfa for å kunne stå i fast track-kø til autografsigneringa?

Godt å høyre!

I tillegg til trubadurkveld, så er det i tillegg mogleg å få med seg ein aldeles flott konsert tidlegare på kvelden med Helge Gravvold kl 20:00.

Om du kjøper billett til Øystein Eckhoff, men samstundes vil få med deg konserten til Helge Gravvold, betalar du/de eit Vippstillegg på 50,- i døra på Tredet.

Vel møtt! 🙂
Merchant legal name Øystein Eckhoff Holsvik
VAT -
Personalize your experience We use your location to show you events near you. You can change your location at any time.
We do not share your location with anyone. Your location is only used to show you events near you.