Your cart is empty

Arbeidsvisning av stykket «Nære relasjonar»

Doors open at 19:00

Arbeidsvisning av stykket «Nære relasjonar»

Fribillett

0,00 NOK
Advertisement
Organizer
Teater Vestland
Open from 19.11.2025 19:00
Location
Teater Vestland, Scene 2
På scena ser du Nynorsk scenespråksenter sitt kull 2, beståande av skodespelarane Margrethe Grodås, Kjetil Solberg Stavenes, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen og Petter Westlund. Saman har dei gjennomført det 14 veker lange kurset i dialekt- og språkovergang ved Teater Vestland, og avsluttar nå med ei visning for dykk! Med seg på regi har dei regissør Øyvind Osmo Eriksen.

«Nære relasjonar» vart i 2023 sett opp ved Det Norske Teatret med Marie Blokhus på regi. 19. november får du skodespelet til den lokale forfattaren i ny drakt på Nynorskhuset!


Om sceneteksta av Vennerød:

Are møter Kine. Kine har hatt mange dårlege forhold, og Are ønsker å gjere henne trygg. Dei flyttar saman og alt ser ut til å gå bra. Da Kine slår første gongen og dei blir forsonte etterpå, får han kjensla av at han aldri har vore så nær nokon før.

«Nære relasjonar» viser kor vaklande maktbalansen i eit forhold kan vera, og korleis grenser kan bli forskyvde, umerkeleg og på kostnad av eigen integritet.
Merchant legal name Teater Vestland
VAT
Advertisement