Your cart is empty

Team Berlin

Team Berlin

Team Berlin

Føredrag med tidlegare utanrikskorrespondent Roger Sevrin Bruland.

107,00 NOK
Advertisement
Organizer
Den norske bokbyen
Show starts 16:30
Location
Fjærland Fjordstove
Website https://www.bokbyen.no
Føredrag med tidlegare utanrikskorrespondent Roger Severin Bruland.

I februar 2020 ramma det dødelege koronaviruset Europa. To år seinare, i februar 2022, invaderte Russland Ukraina. På berre to år opplevde Europa dei største krisene sidan andre verdskrigen.

Nordfjordingen Roger Sevrin Bruland (f. 1977) var som NRKs Europa-korrespondent med base i Berlin tett på både sjukehuskaoset i Italia og krigens gru i Ukraina. Han formidla den brutale røyndomen rett inn i norske heimar – usminka og nær.

No har Roger Severin Bruland samla erfaringar og vitnesbyrd mellom to permar i boka Team Berlin. I denne rikt illustrerte boka fortel Bruland om møta med menneske, både dei utan makt og dei som sit med makta, på reiser i eit Europa i unntakstilstand. No har Roger Severin Bruland samla erfaringar og vitnesbyrd mellom to permar i boka Team Berlin.

Kom og høyr Bruland fortelja om tida som utanrikskorrespondent og arbeidd med boka. Det blir også opna for spørsmål frå salen, og kvelden blir avslutta med boksignering.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Den norske bokbyen og Fjærland Næringssamskipnad.
Merchant legal name Den norske bokbyen
VAT 979843518
Advertisement