Your cart is empty

DRAUMKVEDET 2 - Kim Rysstad

Doors open at 19:00

DRAUMKVEDET 2 - Kim Rysstad

Draumkvedet 2

460,00 NOK
Sold out
Advertisement
Organizer
Rysstad
Open from 06.01.2026 19:00
End time 06.01.2026 20:00
Location
Emanuel Vigeland Museum
Folkesongaren Kim Rysstad framfører Draumkvedet heilt aleine i Emanuel Vigelands makelause mausoleum.

Samspelet mellom den varme røysta og den lange etterklangen i mausoleumet vil gje deg ei stund du aldri gløymer.

Trettandedag jol 2010 hadde Kim Rysstad sin debut med framføringa av Draumkvedet, den gongen i ei isande kald Fantoft Stavkyrkje. I 2015 heldt han sine to fyrste Draumkved-konsertar i Vigelands mausoleum, og har blitt ein årleg tradisjon sidan.

Konsertstart kl 19.00 !
Varmt velkomen skal du vere!

KORT OM DRAUMKVEDET: Draumkvedet er eit norsk visjonsdikt, sannsynlegvis frå slutten av middelalderen. Det handler om Olav Åsteson som fell i djup svevn jolekvelden, og han vaknar ikkje før trettandedag jol. Då rir han til kyrkjes, der han set seg i kyrkjedøra å fortel «draumane mange». Du som lydar får take del i ei mektig skildring av kampen mellom dei gode makter, ført av «sankte såle-Mikkjel», og dei onde, som kom nordfrå og vart leia av Grutte Gråskjeggje, dvs. Djevelen. Det religiøse innhaldet er delvis i fullt samsvar med katolsk lære, delvis å forstå som ein mer folkeleg oppfatning av synd og straff og barmhjertighet.

PRAKTISK INFO: Konserten tek omlag 40 minutt. Det anbefalast å kle godt på seg, evt ha med ullpledd, då det kan vere særs kaldt i mausoléumet i januar.

Ankomst: T-bane nr. 1 Frognerseteren til Slemdal stasjon. 7 min. gange. Buss nr. 46 til Grimelundsveien. 5 min. gange.

Kaupte billettar refunderast ikkje!
Merchant legal name
VAT

A service fee of 15 kr per ticket is added at checkout (max 30 kr per order).

Advertisement