Øyvind Vestrheim ilag med Hardangerfjord hotel.

Doors open at 18:30

Øyvind Vestrheim ilag med Hardangerfjord hotel.
Advertisement
Organizer
Hardangerfjord Hotel
Open from 14.03.2026 18:30
End time 14.03.2026 23:59
Age limit 18
Location
Hardangerfjord hotel

Laurdag 14. mars inviterer me til ein heilt spesiell kveld på Hardangerfjord Hotel!

Då får me nok ein gong besøk av sjølvaste Øyvind Vestrheim frå Godt lokalt, som tek plass på kjøkkenet saman med våre dyktige kokkar.

Vestrheim er ein jordnær kokk frå Øystese med stor respekt for røtene sine. Han kombinerer fortid og notid på smakfullt vis, og let seg inspirere av globale idear – alltid med dei beste lokale råvarene i sentrum. Resultatet? Retter som er rause, rustikke og fulle av liv – ei matoppleving du seint vil gløyme.

✨ Program for kvelden:

Kl. 18.30 – Oppstart med aperitiff

Kl. 19.00 – Middagen vert servert

Etter middag (ca.kl.21.00) – trubadur Thomas Gjelseng spelar opp til god stemning

Vil du berre få med deg den gode stemninga etter middag? Inngang etter middag: 150,-

For dei som deltek på middag, er dette inkludert.

Kl. 23.59 – Takk for i kveld

Ta med vener, familie eller kollegaer – og bli med på ein smakfull og stemningsfull laurdagskveld ved fjorden 💛

Velkomen!

Merchant legal name Hardangerfjord hotel
VAT 916931301

A service fee of 15 kr per ticket is added at checkout (max 30 kr per order).

Advertisement