SOLID! & John Ellis - «Firm Deadline» live på Kadaver

Doors open at 18:00 (12.03.2026)

SOLID! & John Ellis - «Firm Deadline» live på Kadaver
Advertisement
Organizer
KB77 // kadaver
Open from 12.03.2026 18:00
Show starts 20:00
Age limit 18
Location
Kadaver Gate 1 77, 6700 Måløy, Norge

SOLID! er tilbake med si sjette utgiving, «Firm Deadline», oppfølgaren til Woodworks frå 2021, og denne gongen tek dei med seg saksofonist John Ellis frå New York til Kadaver.

I likskap med "Woodworks" har trioen igjen invitert Ellis for å setje sitt særpreg på musikken. Ellis har jobba med namn som Robert Glasper, Norah Jones, Lonnie Smith, Brian Blade, Sting, Charlie Hunter og Marsalis-familien, og det er ikkje ofte vi får musikarar av dette kaliberet på klubbscene i Noreg. Dette blir jazz i verdsklasse, rett her hos oss.

Med eit sjølverklært behov for fristar for «å få noko som helst gjort», sette gitarist Bjørn Vidar Solli ein firm deadline for seg sjølv i februar 2023. Studio vart booka og betalt, flyreiser kjøpte, og plutseleg fanst det ein frist det var umogleg å kome unna. «Perfekt for å få kreativiteten i gang», ifølgje Solli.

Resultatet vart åtte nye komposisjonar som SOLID! først testa ut på turné i Noreg med Ellis, før dei gjekk i studio i Trondheim. Musikken vart komponert i Lier, spelt inn i Trondheim, miksa og mastret i Brooklyn, og er no klar for å delast live.

SOLID! har eksistert i over 20 år, og med så lang fartstid saman skriv bandet musikk som er skreddarsydd for musikarane, med rom for både energi, improvisasjon og samspel.

Musikarar:
Bjørn Vidar Solli - gitar
Daniel Buner Formo - orgel
Håkon Mjåset Johansen - trommer
John Ellis - sax

Det er ope for å ete middag før konserten, med begrensa meny og antal plasser.

Dører: 18:00
Konsertstart: 20:00
Billett: 300,-

Merchant legal name Måløy Spiskammers AS
VAT 928085724

A service fee of 15 kr per ticket is added at checkout (max 30 kr per order).

Advertisement