Skøye Teaterlag vart oppretta i 1999. Sidan den gong har det vorte sett opp revyar, syngespel, humorkveldar og meir. Vi er ein allsidig, engasjert og sosial gjeng som trivst i kvarandre sitt selskap.
Skøye Teaterlag ønskjer å vere ein viktig del av kulturtilbodet i Skodje.
Formålet med laget vårt er å arbeide for amatørteatersaka, og vi skal gjennom vår verksemd bidra til å gjere det lokale kulturtilbodet og det sosiale trivselstilbodet rikare for alle i bygda.
Det største engasjementet hos oss er nok oppsetning av revy, humorkveldar og syngespel som vi arbeider med frå haust til vår. Vi skriv alle tekstar sjølv, diktar songar og finn opp figurar. Vi har auge og øyre opne gjennom året, og får med oss stort og smått som vi kan bruke i ein sketsj. På denne måten kan vi ta opp aktuelle spørsmål og hendingar, skape sosialt engasjement og mane til debatt og ettertanke.
Vi prøver heile tida å tenke nyskapande og kreativt for å trekke eit breiare publikum, og vi kan stolt seie at vi har pusha våre eigne grenser. Når pandemien slo ut vart vi litt rådlause, men fann ut at vi måtte vere aktive på nett. Då lagde vi julekalender i 2020, og året etter lagde vi påskekrim med mordgåte. Når landet opna igjen inviterte vi hausten 2021 til Haunted House på Halloween. Alle desse prosjekta var nye for oss, men vi storkoste oss med planlegging og utføring.
Har du interesse for skodespel, forfatte tekstar, styre lys- og lydanlegg, vere med å rigge scene, sy kostyme, legge sminke eller anna? Då treng vi DEG!