Studenthuset Rokken
Organizer | STUDENTSAMFUNNET I VOLDA |
---|---|
Venue | Studenthuset Rokken |
Industrigata, Volda, Norge
|
|
Date | 13. February 2020 |
Open from | 20:00 to 03:00 |
GABRIELLE KJEM TIL VEKA 2020
Allereie no har vi gleda av å presentere vår evig elska Gabrielle til Veka, Volda og Rokken. Fy så vi gler oss.
Sidan Gabrielle for alvor slo gjennom med debutsingelen "Ring meg" i 2011, har ho etablert seg som ein av dei aller fremste artistane på den norske musikkscena. Med låtar som "Fem fine frøkner", "Mer", "September", "Mellom skyene" og "Eg lover", har ho prega hitlister og radiobølger. Ho har dessutan markert seg som ein eineståande liveartist og spelt for fulle hus og på dei største festivalscenene landet over.
Det siste halve året har ho jobba intensivt i studio med eit nytt og ambisiøst prosjekt, som ho gler seg til å dele med publikum. Til VEKA tek ho endeleg med seg heilt nytt materiale og legg ut på vegen igjen.
Gå ikkje glipp av det!