Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
JANNE KARIN STØYLEN

Sjå i nåde til oss // Ålhus kyrkje NY DATO

Organizer JANNE KARIN STØYLEN
Venue Ålhus kyrkje
Ålhus, Norge
Date Friday 29. January 2021
Open from 18:30 to 21:00
Show starts 19:00

Vi ser oss nøydde til å utsette forfattarsamtalen til ny dato: 29. januar. Til dei som har kjøpt billett til samtalen som var annonsert den 13 november, er denne billetten framleis gyldig den 29. januar.

Ynskjer du å få billetten din refundert kan du kontakte oss på e-post: janne.karin@svidalskriveri.no

I livet slår lagnaden vilkårslaust fylgje. Forfattarane Olaug Nilssen og Laura Djupvik utforskar tilhøva både for eigeverd og for tillit til kvarandre, når dagane krev meir enn vi maktar.

I romanen «Yt etter evne, få etter behov» (Nilssen) og novellesamlinga «No fær huset» (Djupvik) peikar forfattarane mot at nåden finst, i det gode vi strever mot å gjere for kvarandre.

Gjennom samtale og lesing reflekterer dei over korleis slike innsikter også er drivkrefter i skrivinga, og over korleis litteraturen kan vere med å løyse litt i flokane, både for den som les og den som skriv.
Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie? Slike spørsmål verkar til å kverne mellom linjene i Olaug Nilssen sin heilt ferske roman «Yt etter evne, få etter behov».

Vi får innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gunvor, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han.

Dei får det ikkje heilt til, karakterane i Laura Djupvik si siste novellesamling, heller. «No fær huset» samlar forteljingar om kor sårbart livet kan vere, og syner fram at alle har utfordringar. Vi har alle vårt. Ingen treng å skamme seg. Novellene handlar om dei erfaringane folk gjer seg, og om kor vanskeleg det kan vere å leve eit heilt alminneleg liv.

«Sjå i nåde til oss» er ein del av samtalerekkja «Med to til ords» som er utvikla av Rom for ord med støtte frå Fritt ord og Norsk kulturråd. Samtalen i Ålhus kyrkje vert leia av sokneprest Silje Sørebø. Tonefylgje frå kantor Gro Anthun. Allsong: "Føtter på fjell" og "Kyrie" av Bjørn Eidsvåg.

Vi ser oss nøydde til å utsette forfattarsamtalen til ny dato: 29. januar. Til dei som har kjøpt billett til samtalen som var annonsert den 13 november, er denne billetten framleis gyldig den 29. januar.

Ynskjer du å få billetten din refundert kan du kontakte...

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve