Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
VIKEPLIKT Anita Nyhagen

6392 - Fjørefest på Vikeplikt

Organizer VIKEPLIKT Anita Nyhagen
Venue Vikebukt
Gjermundnesvegen 35, Vikebukt, Norge
Date Saturday 05. June 2021
Open from 18:00 to 00:00
Min. age 20

Det er dags for ein uformell fjørefest i Steinan på Vikebukt!
Me opnar dørene kl 18.00 og held det gåande til midnatt.
Me satsar på ein fin sommarkveld i fjøresteinane med god musikk, mat og drikke.

Me har fått med oss heile fire band; Werner Barth, Åvai Bedehusband, Vangsgutane og El Corizon.
Werner Barth beståande av Britt Elise Skram, Karl-Arne Frantzen og John Trygve Villa på henholdsvis fele, gitar og bass. Sidan 2002 har gruppa spelt ein type eigenarrangert folkemusikk blanda med andre impulsar og kan vel best puttast i båsen folk-rock. Repertoaret har spunne frå rolege folketonar via morsomme viser til spenstige hallingar.
Vangsgutane starta opp først i 1990 og haldt det gåande fram til 2001, med meir enn 350 konsertar frå Tromsø i nord til Halden i sør. Etter nokre år i dvale, dukka bandet opp igjen i 2005 og har sidan haldt det gående.
Det er folkrock, hovedsakeleg frå Irland og dei britiske øyer som fortsatt utgjer hovuddelen av repertoaret.
Ei mangfaldig instrumentering gjer at det umiskjennelig let som folkrock frå øyane vest i havet skal låte – med melodiar som spenner frå rolige tradisjonelle balladar til jiig og reel i fullt firsprang.
Vangsgutane består av Britt Elise Skram på fele, Gunnar Rafteseth på trekkspill, Jørgen Wiik på fløyter, Lasse Krogseth på bass, Magne Steinsvoll på mandolin, banjo og sang, Terje Bystøl Hansen på trommer og Hallvar Djupvik på vokal.
Åvai Bedehusband er langt ifrå noko bedehusband, sjølv om dei heilt sikkert trakterer den sjangeren óg. Sjeldan har det koka slik som når dei besøkte oss sist. Rita Kjersheim, Jon Petter Syltebø, Brit Guro Rypdal Hovden, Halvor Hovden, Trond Salthammar, Mats Hugo Frostad.
El Corazon er ein av dei siste nyskapingane på musikkfronten i Vestnes. Eit Steve Earleprosjekt med Lasse Krogseth, Magne Steinsvoll, Gunnar Rafteseth, Roberth Lien, Elin Dyrkorn, Svein Ivar Slaaen. Det borgar for kvalitet.

Det er dags for ein uformell fjørefest i Steinan på Vikebukt!
Me opnar dørene kl 18.00 og held det gåande til midnatt.
Me satsar på ein fin sommarkveld i fjøresteinane med god musikk, mat og drikke.

Me har fått med oss heile fire band; Werner...

Tickets
6392 - Fjørefest på Vikeplikt 500 NOK

SOLD OUT

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve