Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
JORUNN UNDHEIM

Den bortkomne Faderen/Haugtussa i nye tonar / Sommarkveldar på Knudaheio

Organizer JORUNN UNDHEIM
Venue Knudaheio
Undheim, Norge
Date Sunday 20. June 2021
Open from 17:45 to 20:00
Show starts 18:00

Sommarkveld i Knudaheio 20/6:

Torbjørn Berglund Eriksen, opplesing: Den bortkomne Faderen (utdrag).
Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan, konsert: Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar.

Arrangementet varer 1,5 time. Som følgje av smittevernreglane, har vi 40 publikumsplassar. Vi bed dei som vil sitje under konserten om å ta med eigen stol. Vi gjer òg merksam på at det ikkje finst noko toalett å nytte på Knudaheio, og at konserten kjem til å verte spelt under open himmel.

Den bortkomne Faderen

Den bortkomne Faderen (1899) er Arne Garborgs kortaste og vakraste roman, ein poetisk og musikalsk tekst om livets meiningssøkande spørsmål. I 2019 las skodespelar Torbjørn Berglund Eriksen boka i si heilskap under Garborgdagar. I ei noko forkorta utgåve tok han romanen med seg på turné frå Litteraturhuset i Oslo, til Tou Scene i Stavanger hausten 2019. På konserten 20. juni på Knudaheio får publikum høyre utdrag frå romanen.

Etter at han blei uteksaminert frå teaterhøgskulen (KHiO) i 2003 har Torbjørn Berglund Eriksen vore tilsett ved Rogaland Teater og Det Norske Teatret. Sidan 2010 har han arbeida som frilans skodespelar. Han har blant anna spelt roller som Werther i «Unge Werthers lidingar» (2010), Orin i «Sorga kler Elektra» (2012), tittelrolla i «Hamlet» (2014). Dei to sistnemnde tolkningane fekk Berglund Eriksen Heddapris for.


Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar

I oktober 2019 gav komponist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim ut albumet «Der draumar sviv», som inneheld 14 tonsette dikt frå Haugtussa av Arne Garborg.

Songar Jorunn Undheim vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden der diktarstova Knudaheio i dag ligg, og i naturen som Garborg skildrar i diktsyklusen. Gjennom musikken, og ikkje minst gjennom Sigbjørn Reime si språkmoderniserte utgåve av syklusen, presenterer "Der draumar sviv" ei Haugtussa for vår tid.

Sundag 20. juni vert musikken framført i hagen på Knudaheio.

Les konsertmelding frå duokonserten her: artistfoto.no/2020/03/10/haugtussa-tidenes-mest-intime-intimkonsert-nordberg-fort/

Smiegarden på Undheim held ope og serverer forfriskingar fram til 23:00. Ta kontakt med Smiegarden, kultur- og gjestehus. om du ønskjer å bestille bord.

Konsertane vert arrangert i lag med Nasjonalt Garborgsenter.

Sommarkveld i Knudaheio 20/6:

Torbjørn Berglund Eriksen, opplesing: Den bortkomne Faderen (utdrag).
Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan, konsert: Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar.

Arrangementet varer 1,5 time. Som følgje av...

Tickets
Den bortkomne Faderen/Haugtussa // Sommarkveldar på Knudaheio 310 NOK
-
0
+
Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve