Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
FJORD CADENZA FESTIVALEN

Fjord Cadenza 2021: Edvard Hoem og Jorun Marie Kvernberg - Ei musikalsk samtale

http://www.fjordcadenza.no
Organizer FJORD CADENZA FESTIVALEN
Venue Nerskøyløa på Skodje
Nedreskodje Gard, Nedreskodjevegen, Skodje, Norge
Date Thursday 12. August 2021
Open from 20:00 to 23:00
Show starts 21:00

Eit nytt og spennande møte mellom Jorun Marie Kvernberg og Edvard Hoem. Vi skal dykke i slektstreet til Edvard, tilbake til felemakaren Lars Hoem, og i folkemusikken felene han s spelte på den tida.


Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fem bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016), Liv andre har levd (2017) og Jordmor på jorda (2018) har eit opplag på over 400.000. Sjette bok, Felemakaren, kom ut høsten 2020.
I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.

Jorun Marie Kvernberg har spesialisert seg på folkemusikk frå fylket, med særleg vekt på felemusikken. Frå heimkommunen Fræna/Hustadvika har ho mellom anna funne slåttar etter Guri Gabrielsdatter Lauvåsen. Den fargerike «Kvakksalvar-Guri», som ho óg vart kalla, finn me dessutan i Hoem si bok «Slåttekar i himmelen».

Frænas store feleson på 1800-talet var ein særs fattig mann med lurvete klede: «Tosten på Hauå» / Torstein Eidem. Men Hoem-fele hadde han, og med den vann han kappleikar og spelte høgt og lågt i bryllaup og til fest.

Eit nytt og spennande møte mellom Jorun Marie Kvernberg og Edvard Hoem. Vi skal dykke i slektstreet til Edvard, tilbake til felemakaren Lars Hoem, og i folkemusikken felene han s spelte på den tida.


Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan...

Tickets
Fjord Cadenza 2021 - Edvard Hoem og Jorun Marie Kvernberg; Ei musikalsk samtale - HONNØR / UNDER 25 220 NOK

SOLD OUT

Fjord Cadenza 2021 - Edvard Hoem og Jorun Marie Kvernberg; Ei musikalsk samtale - ORDINÆR 270 NOK

SOLD OUT

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve