Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
HAUBITZ HALL SALONGEN AS

Ine Hoem og Edvard Hoem // Haubitz Låven

http://www.facebook.com/haubitzlåven
Organizer HAUBITZ HALL SALONGEN AS
Venue Haubitz Låven
Haubitz Hall, Odderøya, Kristiansand, Norge
Date Wednesday 24. November 2021
Open from 18:00 to 23:59
Show starts 21:00
Min. age 20

Ine Hoem og Edvard Hoem 
Alt vi har kjært

Far Edvard og dotter Ine Hoem har opplevd suksess på kvart sitt felt. Edvard Hoem har gledd lesarar over heile landet, blant anna med serien om slektningane hans som utvandra til Amerika, og romanen Mors og fars historie. Ine Hoem har nådd langt ut med smakfull visepop, songar som Jeg vil aldri hjem, og Vi trenger ikke hage, vi.
Det musikalske samarbeidet mellom far og dotter tok til for meir enn femten år sidan, men vart først offentleg kjent med den kjende julesongen Å, signa natt, hausten 2020, som blant anna vart framført på Lindmo i NRK i desember 2020.
Hausten 2021 legg Ine Hoem og Edvard Hoem ut på sin første turné i samband med at Ine Hoem slepper albumet Alt vi har kjært.
Alt vi har kjært er Ine Hoems melodiar og nyskrivne tekstar av Edvard Hoem. Her finn ein også salmar som Den fattige Gud til melodi av Henning Sommerro og No stig vår song av Håkon Berge.
Det blir ein konsertoppleving av dei sjeldne, der Ine Hoem syng farens tekster, Edvard Hoem les frå den siste romanen sin, Felemakaren, og i tillegg presenterer upubliserte nye dikt. Alle bør unne seg høyre kor godt tekstar og musikk står til kvarandre.
"Alt vi har kjært er skriven i ei tid med uro og uvisse. Det slo meg at ein ikkje må skrive om det, men i staden om dei store og små samanhengar som rammar inn menneskelivet, og som er der, same kor kaotisk og usikker tida ser ut til å vera. Vi lever med framtidshåp og fortidsminne, i årstidene og i døgntidene, i kvardagen og i kosmos. Og alt dette skjer i verselinjer, som uttrykker håp og glede over alt det fantastiske som livet trass alt har å by på.» - Edvard Hoem
 I samarbeid med produsent Markus Lillehaug Johnsen og fantastiske improviserande musikarar har Ine Hoem skapt eit unikt univers av visepop, jazz og salmar, og Edvard Hoems tekstar.
Ver klar for sterke tekstar og vakre melodiar!
Edvard Hoem – forteller                                    
Ine Hoem – vokal
Markus Lillehaug Johnsen – gitar
Andreas Ulvo – piano
Jo Berger Myhre – bass
Pål Hausken – trommer

Ine Hoem og Edvard Hoem 
Alt vi har kjært

Far Edvard og dotter Ine Hoem har opplevd suksess på kvart sitt felt. Edvard Hoem har gledd lesarar over heile landet, blant anna med serien om slektningane hans som utvandra til Amerika, og romanen Mors og fars...

Tickets
Ine Hoem og Edvard Hoem // Haubitz Låven 350 NOK
-
0
+
Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve