Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
Gymmen Scene og Studio

Ine Hoem og Edvard Hoem // Gymmen scene

https://www.gymmenscene.no
Organizer Gymmen Scene og Studio
Venue Nordfjordeid
Sophus Lie-vegen 1, Nordfjordeid, Norge
Date Wednesday 22. September 2021
Open from 19:00 to 22:00
Show starts 20:00

Ine Hoem og Edvard Hoem: Alt vi har kjært

Far Edvard og dotter Ine Hoem har opplevd suksess på kvart sitt felt. Edvard Hoem har gledd lesarar over heile landet, blant anna med serien om slektningane hans som utvandra til Amerika, og romanen «Mors og fars historie». Ine Hoem har nådd langt ut med smakfull visepop. Det musikalske samarbeidet mellom far og dotter tok til for meir enn 15 år sidan, men vart først offentleg kjent i fjor haust med den kjende julesongen «Å, signa natt» som blant anna vart framført på Lindmo i NRK.
Ine Hoem og Edvard Hoem legg i år ut på sin første turné i samband med at Ine Hoem slepper albumet «Alt vi har kjært».
«Alt vi har kjært» er Ine Hoems melodiar og nyskrivne tekstar av Edvard Hoem. Her finn ein også salmar som «Den fattige Gud» til melodi av Henning Sommerro og «No stig vår song» av Håkon Berge.
Det blir ei konsertoppleving av dei sjeldne, der Ine Hoem syng faren sine tekstar, Edvard Hoem les frå den siste romanen sin, «Felemakaren», og i tillegg presenterer han upubliserte nye dikt. Alle bør unne seg å høyre kor godt tekstar og musikk står til kvarandre.
- Alt vi har kjært er skriven i ei tid med uro og uvisse. Det slo meg at ein ikkje må skrive om det, men i staden om dei store og små samanhengar som rammar inn menneskelivet, og som er der, same kor kaotisk og usikker tida ser ut til å vere. Vi lever med framtidshåp og fortidsminne, i årstidene og i døgntidene, i kvardagen og i kosmos. Og alt dette skjer i verselinjer, som uttrykker håp og glede over alt det fantastiske som livet trass alt har å by på, seier Edvard Hoem.
I samarbeid med produsent Markus Lillehaug Johnsen og fantastiske improviserande musikarar har Ine Hoem skapt eit unikt univers av visepop, jazz og salmar, og Edvard Hoems tekstar.
Ver klar for sterke tekstar og vakre melodiar!

Medverkande:
Edvard Hoem – forteljar
Ine Hoem – vokal og piano
Markus Lillehaug Johnsen – gitar

ID: Fri aldersgrense
Kapasitet: Begrensa kapasitet grunna smitteverntiltak. Bordplassering med sitteplasser

Dører: 19:00
Show: 20:00

Arrangørar: Operahuset Nordfjord // Malakoff

Ine Hoem og Edvard Hoem: Alt vi har kjært

Far Edvard og dotter Ine Hoem har opplevd suksess på kvart sitt felt. Edvard Hoem har gledd lesarar over heile landet, blant anna med serien om slektningane hans som utvandra til Amerika, og romanen «Mors og fars...

Ticket name Choose amount
Enkeltbillett - ordinær 290 NOK
-
0
+
Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve