Odd Nordstoga - Solokonsert på Leikarvollen Scene

Leikarvollen Scene, Bøfjorden grendahus
22. October 2017
Doors open at 18:30
Doors closes at 22:00
Event starts at 19:30

Albumet ”Dette Landet”, med låtar som ”Kunsten å gå”, ”Diesel og Bensin” og ikkje minst tittel-låten ”Dette Landet”, vart ein av Odd Nordstogas største suksessar til no. Det har vore fulle hus og stormande jubel nær sagt overalt, og no mønstrar han på turnebussen igjen, for å feire dette albumet, og resten av låtane sine.

Med på lasset kjem også at han spelte inn nokre låtar heime i akkustisk versjon i 2016. Dette blei så fint, tykte både katten hans og plateselskapet, at det ble gitt ut. Plata heiter sjølvsagt ”Aleine heime” og alt ligg til rette for ein musikalsk fullkomen kveld.

Odd Nordstoga har hausta ein heil del med prisar for sitt musikktalent, mellom anna kan nemnast 5 spelemannsprisar inklusive Årets spellemann for 2004. Men han har også fått mange prisar for sitt språk. Mellom anna Storegutprisen, og Nynorsk kultursentrums høgthengande pris Årets Nynorskbrukar.

This event has concluded already.