Ver helsa og vel møtt til midtsommarens finaste hending på historiske Giske. Då er det igjen duka for fire fantastiske førestillingar av det historiske Giskespelet, på datoane 16. og 18. – 19. juni 2022.
Noregs nasjonale historie frå tida rundt 1030, vert forbilledleg formidla i ei storslått førestilling av dyktige lokale og nasjonale skodespelarar. Giskeøya var på den tida eit maktsenter i Noreg og vi fyl historia til dei fire brørne frå Arnungeætta som fylgde Kongen i både inn og utland.
I strid og forsoning, vart ein nasjon fødd.
I rolla som Ragnhild er vi glade for å ønske Ellen Dorrit Petersen velkommen tilbake til Giske og likeså til årets nykomar på Giske; Ole Christoffer Ertvaag ( Olec) som Konge.
Eldrid Schrøder Kvalvik kom som ny regissør til Giske i 2019 og det til terningkast 6 i Sunnmørsposten. Ifjor laga ho eit heilt nytt spel, ein historietime tilpassa covid - 19 utfordringane, også det til ståande applaus. I år er vi difor ekstra glade for å ønske ho vel møtt på nytt.
Verdt å merke seg for deg som kjem med bil: I år vert det gratis shuttlebuss frå Ytterland ( Valderøya) i regi av Sularuta. Transporten startar ein time før kvar førestilling og går kontinuerlig fram til start. Det same på retur. På Giske desse dagane, går vi alle tusen år tilbake i tid og både bil og flytrafikk vert begrensa. Det blir difor kun parkering for rørslehemma eller andre behov, nær Giske kyrkje.
Vi har også ei ekstra god nyheit til ungdommen. Takka vere støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune, så har vi også i år anledning til å tilby ein eigen ungdomsbillett for deg mellom 16 - 20 år.
Den er i begrensa antal, så ver frampå.
Vi på Giske gler oss stort til at vi no igjen skal gå inn i den stemningsfulle tida på Giske. Vi ønsker varmt velkomen til å vere i lag med oss desse magiske dagane 16.- 19. juni.
Vel møtt!