Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
JORUNN UNDHEIM

Erik Lukashaugen - Hans Børli og je // Sommarkveldar på Knudaheio

Organizer JORUNN UNDHEIM
Venue Knudaheio
Undheim, Norge
Date 18. June 2022
Open from 17:30 to 20:00

Sommarkveld i Knudaheio 18/6
Erik Lukashaugen, Bjørge Verbaan og Tarjei Nysted, konsert:
Erik Lukashaugen - Hans Børli og je

Arrangementet startar 18:00

Arrangementet varer 1 time og 15 minutt. Konserten vert spelt under open himmel, og vi bed publikum om å ta med eigne stolar.

Erik Lukashaugen er ein av dei travlaste visesongarane i landet, mykje på grunn av tonsetjingane han har gjort av dikta til tømmerhoggar Hans Børli.
Gjennom musikken og lyrikken tek elverumsingen publikum med på vandring inn i dei djupe granskogane, der viser om skogsarbeidarslit, allemannsrett, draumar og samfunnsengasjement vert serverte i skinet frå tyribålet.
Lukashaugen er sjølv ein kritikarrost tekstforfattar som osar av hjartevarme og humor, ikkje minst i dialogen med publikum.

Han har med seg to svært fingernemme våpendragarar som ved hjelp av ei rekkje instrument skapar både kjenslevare og viltre stemningar.

Erik Lukashaugen - song, gitar
Tarjei Nysted - fiolin, nøkkelharpe, mandolin, stroviol m.m.
Bjørge Verbaan - trekkspel, piano, trøorgel m.m.

Smiegarden på Undheim held ope og serverer forfriskingar fram til 23:00.
Ta kontakt med Smiegarden, kultur- og gjestehus. om du ønskjer å bestille bord.

Sommarkveld i Knudaheio 18/6
Erik Lukashaugen, Bjørge Verbaan og Tarjei Nysted, konsert:
Erik Lukashaugen - Hans Børli og je

Arrangementet startar 18:00

Arrangementet varer 1 time og 15 minutt. Konserten vert spelt under open himmel,...

Ticket name Choose amount
Erik Lukashaugen - Børli og jeg // Sommarkveldar på Knudaheio 300,00 NOK
-
0
+
Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve