Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
Gymmen Scene og Studio

Karin Krog // Gymmen

https://www.gymmenscene.no
Organizer Gymmen Scene og Studio
Venue Nordfjordeid
Sophus Lie-vegen 1, Nordfjordeid, Norge
Date 11. January 2023
Open from 19:00 to 23:00

Jazzdronninga Karin Krog i Gymmen

Onsdag 11. januar kjem sjølvaste Karin Krog til Gymmen!

Den varme, uttrykksfulle stemma til Karin Krog ber ikkje preg av meir enn seksti år i jazzens teneste. Ho formidlar tekst og melodi på ein heilt unik måte.

I trioen «Karin Krog & The In-Between-Times» har ho med seg gitarist Staffan William-Olsson og bassist Terje Gewelt. Dei har saman utvikla eit kammeraktig samspel, anten det er originalkomposisjonar eller songar frå The Great American Songbook. Leikande, svingande, gripande og virtuost.

Karin Krog har samarbeida med storleikar som John Surman, Dexter Gordon, Archie Shepp, Don Ellis, Steve Kuhn, Palle Mikkelborg, Bengt Hallberg, Red Mitchell og Warne Marsh, i tillegg til norske legender som Arild Andersen, Jan Garbarek, Jon Christensen og Egil Kapstad. Ho er blitt heidra med Buddy-statuetten, St. Olavs-orden, Anders Jahres Kulturpris, den franske "Prix du Jazz Vocal Europe" og Norsk Kulturråds Ærespris.

Gitaristen Staffan William-Olsson er kjent fra The Real Thing, Sharp Nine, Babylon Brothers og Staffan William-Olsson Trio, men har også spelt med Mezzoforte, Hot Club de Norvège og Adam Nussbaum.

Terje Gewelt er ein landets mest nytta benyttede bassistar, har gjeve ut tolv CD-ar i eige namn og spelar på over hundre album med artistar som Billy Cobham, Enrico Pieranunzi og Christian Jacob.

Dørene er opne: 19:00-23:00
Konsert: 20:00
ID: 18
Pris: 350,-


Jazzdronninga Karin Krog i Gymmen

Onsdag 11. januar kjem sjølvaste Karin Krog til Gymmen!

Den varme, uttrykksfulle stemma til Karin Krog ber ikkje preg av meir enn seksti år i jazzens teneste. Ho formidlar tekst og melodi på ein heilt unik måte....

Enkeltbillett - ordinær
-
0
+
350,00 NOK     
Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve