Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
JAZZSIRKELEN 04

Julejazz på Teaterfabrikken 29.12.22

http://
Organizer JAZZSIRKELEN 04
Venue Teaterfabrikken
Teaterfabrikken, Molovegen, Ålesund, Norge
Date 29. December 2022
Open from 19:00 to 02:00

Lørdag 29. desember til Julejazz på Teaterfabrikken. Levende musikk fra 4 band fordelt på to scener.

Swing it:
Swing it er ein gjeng unge herremenn som diggar 1920-tallets glade dagar. Bandet har sidan si opprinning utvikla seg til å bli eit kjend og suksessfullt tradjazz-band i heimlandet, men også utover i Europa, som t.d. i London og Paris.
Bandet tek publikum med på ei reise 100 år tilbake i tid, og over Atlanterhavet til New Orleans på 1920 tallet. Dei fortel historiar om jazzen si opprinning og det glade 20-tallet
med glitter, glamour og Great Gatsbys festar, med speakeasies og hemmelege festar under forbudstida.
Bandet osar av optimisme, humor, historie og speleglede.
Eit høgdepunkt i 2022 du bør få med deg.

Bandet består av:
Martin Velsin (vokal/trompet)
Jan Ivar Ekroll (trompet)
Vebjørn Mamen (piano)
Håvard Tannet (bass)
Edward Knowles (klarinett)
Håkon Kvam (trommer)


Big Odd Band:
Big Odd Band blei stifta i Valldal romjula 1994, med Odd Fossum som leiar. Ungdomsstorbandet var meint som supplement og utfordring til korps og kulturskuleelevar med jazzinteresse.
No 28 år seinare er både band og musikalsk leiar like energiske.
Bandet har utmerka seg både i regionen og nasjonalt, og har vore fast post på Julejazzen i mange år. Også i år har Big Odd Band med seg fleire framifrå solistar.

Micah:
Utmed havet, bak dette spretne bandnavnet, finn vi ein rotekte jazzkvartett. Langevåg husar globetrottaren Micah Dale, med røter både til Australia og Amerika der pastorsonen har plukka med seg sin lyttande trommestil. Lenger aust på Sula heve Håkon Hagen Knudsen fenge sin heim. Dette er ein stake på iallefall 250 cm som enkelt leitar fram frekke linjer frå sine saksofonar. Inne i Eidsvika har Lars Martin Vik rydda seg ein gard, der djup gåbass fløymer ut i seine nattetimar. Ute på Valderøya sit Dag-Filip Roaldsnes bøygd over pianoet og ser ut på det bårute havet mens kjenslevare tonar kling.
Gjennom vetter og vårsol har desse musikarane leika seg med klassiske standardlåtar, kanskje ispedd ein og annan sjølvskriven melodi, og leite fram gleda og samspelet. Dei har utdanning frå tunge institusjonar og mykje erfaring. Vi kan difor love publikum god stemning frå ein av fylket sine fremste jazzkvartettar!

Medverkande:
Håkon Hagen Knudsen, sax
Dag Filip Roaldsnes, piano
Lars Martin Vik, kontrabass
Micah Dale, trommer


Feliz Navidjazz:
Feliz Navidjazz er ein Trondheimsbasert kvartett med utspring ifrå jazzlinja ved NTNU, der alle bandmedlemmene har sine røter frå Sunnmøre og Romsdalen.
Musikken uttrykkjer leiken speleglede og entusiasme for jazz og utforskande popmusikk.

Saman har bandet skapt ei smelte av sjangrar, og leverer standardlåter, julelåter og viser - i eigen stil, med originale arrangement - for å spele til oss på Julejazzen i romjula.

Med Isak Hungnes på piano,
Ida Malmedal Hauge på vokal, Tarald Kongshaug på kontrabass og
David Løvås på trommer,
er dei klare for å spele av dei siste grannålene.

Lørdag 29. desember til Julejazz på Teaterfabrikken. Levende musikk fra 4 band fordelt på to scener.

Swing it:
Swing it er ein gjeng unge herremenn som diggar 1920-tallets glade dagar. Bandet har sidan si opprinning utvikla seg til å bli eit kjend og...

Ordinær billett
-
0
+
400,00 NOK
Student/ungdomsbillett
-
0
+
250,00 NOK
Medlem
-
0
+
300,00 NOK     
Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve