Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
TINDRANDE EIDSDAL

Knut Anders Sørum med band på Eidsdalsrøre!

Organizer TINDRANDE EIDSDAL
Venue Røde Kors-huset, Eidsdal
Langereiten 5
Date 20. May 2023

Den folkekjære musikaren Knut Anders Sørum kjem til Eidsdal, saman med heile bandet sitt. Knut Anders Sørum er kjend for si store stemme, sitt varme vesen og sine underfundige låtar i sjangeren soul på totendialekt. Sørum har ei lang karriere som strekk seg heilt tilbake til 90-talet, via rockeband, Grand Prix (2004) og som vokalisten i «Skal vi danse» på TV2. Men det dei fleste kjenner han best frå er kanskje då han hausten 2016 gjekk heilt til topps i NRKs «Stjernekamp» og sørga for at folk heime i stovene sette tacoen i halsen då den småskjeggete totningen med soul i røysta klemte til i Puccinis «Nessum Dorma».
Dørene opnar kl 19.00, konsertstart kl 19.30

Musikalsk og tekstleg kan Sørum oppsummerast som ein anmeldar skreiv, dette er som om Prøysen møter John Legend. Dette er ikkje tilfeldig for akkurat Prøysen og John Legend har vore store inspirasjonskjelder for Sørum. I 2010 gav han ut ei kritikerrost plate med tolkninger av nettopp Alf Prøysen sine songer på plata PRØYSEN. Dette albumet inneheld også ein eigen komposisjon til diktet «Visa om løgna». Sørum har også omsett ein av John Legend sine låtar, «Stay with you» til totendialekt på albumet Ting flyt, den heiter då «Bli ved deg» og er ein av hans mest streama låtar.

Den folkekjære musikaren Knut Anders Sørum kjem til Eidsdal, saman med heile bandet sitt. Knut Anders Sørum er kjend for si store stemme, sitt varme vesen og sine underfundige låtar i sjangeren soul på totendialekt. Sørum har ei lang karriere som strekk seg heilt tilbake...

Vaksne, Knut Anders Sørum
-
0
+
390,00 NOK
Born under 16 år - Knut Anders Sørum
-
0
+
50,00 NOK
Ledsagar m bevis - Knut Anders Sørum
-
0
+
0,00 NOK
Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve