Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
TEATERFABRIKKEN AS

Home at last // A tribute to Steely Dan // Teaterfabrikken 4.februar 2023

http://www.teaterfabrikken.no
Organizer TEATERFABRIKKEN AS
Venue Teaterfabrikken
Teaterfabrikken
Date 4. February 2023
Open from 19:30 to 23:59

Home At Last består av røynde lokale musikarar frå Sykkylven, Ørsta, Ålesund og Stranda, alle med stor sans for musikken til det legendariske amerikanske bandet Steely Dan.

Steely Dan er eit Grammy-prisvinnande amerikansk band etablert i 1972. Donald Fagen og Walter Becker starta bandet, og var dei einaste faste medlemmane frå 1974 og fram til Becker døydde i september 2017. Bandet nådde toppen i popularitet på 70 og 80-talet I den perioden gav dei ut sju album med element av rock, funk, R&B, jazz-fusion og pop.

Steely Dan la stor vekt på detaljar i lydbildet, og både arrangement og produksjon er prega av perfeksjonisme. Tekstane består gjerne av historier med kryptiske og ironiske vendingar. Av Steely Dan sine mest kjende songar kan nemnast «Do It Again», «Reelin' In the Years» og «Rikki Don't Lose That Number». Steely Dan vart innvia i Rock and Roll Hall of Fame i 2001.


Home At Last tek musikken til Steely Dan på alvor og ynskjer å framføre den så autentisk som mogeleg. Bandet fekk svært gode tilbakemeldingar etter konsertane dei hadde hausten 2021 på Sykkylven Kulturhus. To fulle hus og høg stemning, gjorde sitt til at medlemmane bestemte seg for at musikken til Steely Dan må videre ut til folket. På repertoaret er det med låtar frå dei fleste albumene til Steely Dan.

Etter konsertane i Sykkylven hausten 2021 har Home At Last spelt i Fosnavåg (april ’22) og ikkje minst for eit entusiastisksk publikum i Storcord Kulturhus på Stranda julehelga ’22.

Bandet:
Leif Atle Strand (vokal)
Nathalie Blindheim Kanestrøm (vokal)
Victoria Yishue Fiskerstrand (vokal)
Mathias Utgård (gitar)
Andreas Siem (gitar/piano)
Kristian Lade (keyboard/piano)
Sondre Kvistad Utgård (trommer/vokal)
Sveinung Utgård (bass)
Eirik Lade (trompet)
Tom Ivar Sætremyr (trombone)
Thore Senneset (tenorsaksofon)
Elias Senneset (tenorsaksofon)
Trygve Furmyr (barytonsaksofon)

Home At Last består av røynde lokale musikarar frå Sykkylven, Ørsta, Ålesund og Stranda, alle med stor sans for musikken til det legendariske amerikanske bandet Steely Dan.

Steely Dan er eit Grammy-prisvinnande amerikansk band etablert i 1972. Donald Fagen og...

Billett
-
0
+
310,00 NOK
Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve