Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
Tonehimmel

tonehimmel 2023

Organizer Tonehimmel
Venue Sunnmøre
Date 18. June 2023
Open from 17:42 to 17:42

På tonehimmel har vi ikkje publikum, hos oss er alle deltakarar. Komponistar, musikarar, lyttarar, fuglar, insekt, vinden og alt som er mellom oss er ein del av konsertane våre. Vi skaper dei saman.

tonehimmel er ein samtidsmusikkfestival med hovudsete i Volda, men har også konsertar i andre kommunar på Søre Sunnmøre.

Velkomen til ny festival 18.-25. juni 2023!
Då vert det konsertar på Rotevatnet i Volda, i Ekkodalen i Ørsta, i Kalkbrotet på Sandsøya, i Hjørundfjord kyrkje og Volda kyrkje. 

Kristin Bolstad og Rolf Gupta er fokuskomponistar. I tillegg har vi med oss Jorun Marie Kvernberg, Marie Austrheim Riise, Bert Handrick, Roar Goksøyr Lillebø, Øyvind Lied, Cecilie Ore og tonehimmel sin kunstnariske leiar Magnar Åm. 

Fullstendig program og informasjon om musikarar vært offentliggjorde i midten av februar.

Litt om tonehimmel: 

Samtidsmusikk er kunstmusikk laga av menneske som lever i same verd og tid som deg. Kvart år har vi to fokuskomponistar og målet vårt er at dei sjølve, gjennom samtale, skal få vise veg inn i sine musikalske univers.

Vi har også fleire lokale komponistar på programmet, først og fremst fordi dei har skrive fin musikk, men også for å vise folk at samtidsmusikken er nærare enn dei kanskje trur, og finst med mange ulike tonedialektar.

Mange av konsertane våre er utandørs, musikarar og komponistar står gjerne bak eit tre, sit i ein båt eller er på fjellet. Vi trur naturen er langt meir enn ein fin kulisse, den gir oss eit nærvær og eit ope sinn både for musikken, naturen og for kvarandre. 

Meir informasjon finn du på vår heimeside: www.tonehimmel.com

På tonehimmel har vi ikkje publikum, hos oss er alle deltakarar. Komponistar, musikarar, lyttarar, fuglar, insekt, vinden og alt som er mellom oss er ein del av konsertane våre. Vi skaper dei saman.

tonehimmel er ein samtidsmusikkfestival med hovudsete i Volda,...

festivalpass 2023
-
0
+
800,00 NOK     
festivalpass 2023
-
0
+
800,00 NOK     
Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve