Nordfjordeid
Organizer | Gymmen Scene og Studio |
---|---|
Venue | Nordfjordeid |
Sophus Lie-vegen 1, Nordfjordeid, Norge
|
|
Date | 6. May 2023 |
Open from | 19:00 to 23:00 |
Show starts | 19:00 |
Line Dybedal er aktuell med albumet ARMERIA MARITA og kjem til Gymmen med heilt ny musikk. Med seg har ho eit knippe fantastiske musikarar og songarar fra HELGESENKORET.
Musikken er fengande og drøymande. Tekstane er nære og vare. Saman med bandet av krutt, samt dyktige songarar frå HELGESENKORET vil dette bli ei stemningsfull konsertoppleving.
Då Line Dybedal kom med sitt kritikarroste fyrstealbum i 2016 vart det sagt at artisten hadde funne opp ein ny sjanger; elektroviser. Sidan den gong har musikken bevega seg nærare visepop, og har framleis innslag av elektroniske element, men også folkemusikk og sakrale tonar.
Dybedal kjem ut med sitt tredje soloalbum i april, og vil i konserten “Til havet” presentere den nye musikken frå albumet ARMERIA MARITIMA. Albumet er ein hyllest til bygda, havet og freden som kan finnast der. I desse dagar med fråflytting av bygdene og sentralisering av viktige funksjonar i samfunnet vil dette vere ein del av heiaropet til bygda. I motsetning til dei aller fleste andre artistar, har Line flytta FRÅ byen for å drive med musikk. Heim, tilbake til kystkultur, urørt natur, sjøsprøyt og stilla.
Bandet består av den stabile og habile bassisten Peter Sæverud som har samarbeida med m.a. Christine Guldbrandsen, AURORA og Gisle Børge Styve – Sondre Veland, ein energisk trommeslagar kjend frå Wardruna og Major Parkinson – gitarist Mathias Marstrander som stadig er å sjå på dei større scenene, saman med m.a. Halie, De Presno og Hannah Storm, samt Vidar Eldholm, ein rutinert pianist som har samarbeida med m.a Bjarte Hjelmeland, Sissel Kyrkjebø og Bjørn Eidsvåg.
Dører: 19:00
Q&A: 20:00
Konsert: 20:30
Fri aldersgrense
Merchant legal name: MALAKOFF ROCKFESTIVAL
VAT: 991007636

Musikken er fengande og drøymande. Tekstane er nære og vare. Saman med bandet av krutt, samt...

post@malakoff.no
https://www.gymmenscene.no
Merchant legal name: MALAKOFF ROCKFESTIVAL
VAT: 991007636
You entered in your e-mail address, did you mean ?
Click "continue" to create your account or click "cancel" to change your e-mail address.