Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
MELOVITTEN AS

Plateslepp: Bjørn Kåre Odde & Schola Cantorum (Vågå)

http://www.melovitten.no
Organizer MELOVITTEN AS
Venue Ullinsvin - Øvre Nordheradsvegen 4, 2680 Vågå
Date 6. May 2023
Open from 18:30
Show starts 19:00

Velkomen til platelanseringskonsert i Ullinsvin Galleri i Vågå laurdag 6. mai kl. 19.

Det er snart sju år sidan Bjørn Kåre Odde ga ut sitt fyrste korstykke Snilla Patea saman med Schola Cantorum og dirigent Tone Bianca Sparre Dahl. Nå er dei ute med eit heilt album for blanda kor og fele: Dyss.


Musikken er stort sett Bjørn Kåre sine eigne komposisjonar og arrangement, men med innslag av tradisjonelt og kjent materiale. I tillegg har dei med eit nytt stykke av Torbjørn Dyrud, skrive spesielt for Schola Cantorum og Bjørn Kåre Odde.

- Dyss gir for meg assosiasjonar til roleg musikk, som kjærlege bånsullar eller inderlege budeihullar i den tradisjonelle folkemusikken. Sjølv har eg vakse opp med slik musikk, og eg har heilt sikkert, bevisst eller ubevisst, tatt med meg desse musikalske referansane inn i den tekniske krevjande disiplinen å skrive for blanda kor, seier Bjørn Kåre.

Bjørn Kåre Odde – fele og bratsj
Bjørn Kåre Odde (f. 1990) har sterke røter i folkemusikktradisjonane frå Noreg og representerer ein ny generasjon av ei lang rekke folkemusikarar i hans familien. Han har utdanning frå Norges musikkhøgskole og har sidan 2013 vore yrkesaktiv musikar og komponist. Bjørn Kåre har fått fleire prisar for sine album og komposisjonar, men den gjævaste er då han i 2019 vart kåra til Årets Folkemusikar i Noreg.

Schola Cantorum
Heilt sidan Schola Cantorum vart starta av komponisten Knut Nystedt i 1964, har kammerkoret ved Institutt for musikkvitskap i Oslo hatt det som mål å presentere nyare og nyskrive musikk, med eit spesielt fokus på norske og nordiske komponistar. Koret har vunne prestisjetunge prisar under leiing av Tone Bianca Sparre Dahl, mellom anna NM i kor i 2021. Koret feirar sitt 60-årsjubileum i 2024.

Tone Bianca Sparre Dahl – dirigent
Tone Bianca Sparre Dahl (f. 1960) har dirigert Schola Cantorum sidan 2002. Ho er førsteamanuensis ved Noregs musikkhøgskule i dirigering og leiar også kammerkoret Ymir. Tone Bianca vart tildelt statens 10-årige stipend for etablerte kunstnarar i 2014.

Velkomen til platelanseringskonsert i Ullinsvin Galleri i Vågå laurdag 6. mai kl. 19.

Det er snart sju år sidan Bjørn Kåre Odde ga ut sitt fyrste korstykke Snilla Patea saman med Schola Cantorum og dirigent Tone Bianca Sparre Dahl. Nå er dei ute med eit heilt...

Billett - vaksen (16 år +)
-
0
+
250,00 NOK
Billett - barn/ungdom (u 16 år)
-
0
+
0,00 NOK
Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve