For tredje gong arrangerer Vikeplikt fjørefest. Og for ein fest det vert!
I år har me med oss: Werner Barth(med justering) - Odin og Magnus - Lizz m/friends - Smeis - Ogras.
Me ventar på sommar og fjørefest att! Etter fjorårets gedigne suksess, gler me oss til ein ny, uformell kveld med musikk, god mat og drikke i fjøresteinane. Me opnar dørene kl 18.00 og held det gåande til litt over midnatt. (Dørene stenges kl 19.00).
I tilfelle regn, vert det mulig å sete under tak.
Det blir mulighet for å kjøpe seg mat på området.
Me har fått med oss fem band; Britt Elise Skram og Hallvar Djupvik, Magnus og Odin, Lizz m/friends, Smeis og OGRAS.
Ein miks som vil by på overraskingar, humor og kvalitet.
Werner Barth går dessverre ut pga sjukdom. Men ikkje heilt :) Britt Elise Skram er fortsatt med og tek med seg ingen ringare enn Hallvard Djupvik!
Magnus og Odin består av Magnus Seime Legernes og Odin Johan Sylte. Trass sin unge alder er dei begge å rekne som erfarne musikarar. Dei har ei meining om at 60-80talet er musikkens gullalder, noko som gjenspeglar repertoaret. Begge elskar å stå på scena og har tre år bak seg på musikklinja på Molde vidaregåande. Dei stiller med kvar sin gitar, me gler oss til å presentere den nye vinen i musikkmiljøet i Vestnes.
Lizz m/friends - Sjølvaste Lizz tek med seg venner og venner av Vikeplikt til fjørefest! Dama som vann musikkprisen i 2020 og har stått på scena på Jugend og Trondheim calling. Ho er også ein av headlinerne til årets Treungenfestival. Lizz kombinerer pop, rock, R&B og fleire andre stilartar på ulike måtar. Ho har dei siste åra etablert seg som ein solid liveartist med utsolgte konsertar og fantastiske tilbakemeldingar frå heile landet. Ho har med seg Lasse Krogset, Elin Dyrkorn, Stefan Olsen og Roberth Lien. Dette blir så bra!
Ogras - Dette er bandet som treff stadig fleire som eit umiddelbart favorittband. Musikken tek deg over balkanske vidder, innom støvete sirkustelt og irske pubar. Dei har tidlegare spela på Steinkjerfestivalen, Raumarock, Livestock, Moldejazz, Skjærvafest, Utkantfestivalen, Krøsset mfl. No er det Vikeplikt sin tur og me er så stolte av å kunne presentere dei. Ogras består av Paul Richard Solåt, Filip Eidsvåg, Knut Peder Voldset, Aleksander Eidsvåg, Thomas Dahle og Pål Elnan.
Aldersgrense 20 år.