Utselt // PorseJul2017 med BokkeReidars BB & Side Brok

Volda Turisthotell
29. December 2017
Doors open at 21:00
Doors closes at 02:00
https://www.facebook.com/events/108368159936281/

This event has concluded already.

JULEBOKK 2017 - RE-OPNING AV PORSEKJELLAREN I ROMJULA

Etter utallege førespurnader opnar Volda Turisthotell oppatt den legendariske Porsekjellaren som konsertscene etter snart 20 år i dvale

Re-opninga skjer 5. juledag med «oppe/nede» der det skal skapast same stemning som på 80- og 90-talet med live musikk og jazz-DJ. Og lokalet har stått urørt alle desse åra, så retro-faktoren er meget høg!

Det bandet som kanskje er nærast knytt til Porsekjellaren er BokkeReidars Blues Band, og ei re-opning kunne berre skje med dei på scena. Og for å toppe det heile har BRBB invitert med seg kult-rapparane frå Hovdebygda, Side Brok, som gjesteartistar. Dei har samarbeida tidlegare med stor suksess, bl.a på Chat Noir og Trandal Blues.

Med over 30 års fartstid, er BokkeReidars det lengstlevande bandet i sin sjanger her til lands, og dei har samarbeidd med blant andre Side Brok, Vidar Busk, Hungy John, Rita Eriksen, Beate Slettevoll Lech og B3-mannen Palle Wagnberg. Etter Trandal Blues i 2014 skreiv musikkjournalist Øyvind Pharo følgande i BluesNews: “Lørdagens avslutningskonsert var ikke mindre sensasjonell med BokkeReidars Blues Band med tekster på nynorsk framført av ekspønkeren Gunnar Solheim med eminent samspill fra rapduoen Side Brok. Blåserrekka og rytmeseksjonen til BokkeReidar blander funk, salsa og ska og alt annet sexy det er mulig å krydre bluesen med. I større sammenheng er dette et band som fortjener å nå mye lengre ut, men de 800 menneskene som hørte dem på lørdagen bidro til at Trandal 2014 ble meget godt besøk.”

For dei som vil puste ut og mimre inn i mellom slaga vil Jan Ole Bolsø rulle vinyl oppe med eit uval perler frå 70-, 80- og 90-talet.

NB! Utselt!!
Bilete: Roald Jungård

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve