Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
Stiftelsen Alnes Fyr

Gallerikonsert på Alnes!

http://www.alnesfyr.no
Organizer Stiftelsen Alnes Fyr
Venue Alnes Fyr og opplevelsessenter
Alnes, Norge
Date 14. October 2023
Open from 18:00 to 23:00
Show starts 18:00

Laurdag 14. oktober (siste helga i haustferien) kan du oppleve levande musikk i samspel med bileta til den kjende kunstnaren Ørnulf Opdahl med utvalde gjester i det flotte galleriet på Alnes fyr på Godøya. Har du vore på Alnes før, veit du kor vakkert det er der ute mot havgapet. Har du ikkje vore der, har du no ein gyllen sjanse til å oppleve noko spennande både ute og inne.
På konserten får du høyre Andreas Barth (perkusjon), Geir Hjorthol (trompet) og Øystein Salhus (fiolin). Andreas er ein aktiv og allsidig perkusjonist med ei rekkje plateutgivingar bak seg. Han driv også lydstudio og plateselskap (Farmorhuset) og er trommemakar (Solid Wood Drums). Geir har lang erfaring som som improviserande trompetist og fargelegg ofte lyden frå trompeten ved hjelp av elektronikk. Saman har Andreas og Geir gitt ut fleire album, seinast In These Times, innspelt i Ocean Sound Studio på Giske og utgitt på Farmorhuset. Øystein er utdanna klassisk fiolinist og instrumentalpedagog ved musikkonservatoriet i Bergen, og seinare også utdanna musikkterapeut ved Noregs Musikkhøgskule. Som utøvar er han allsidig og likar godt å krysse grensene mellom musikalske sjangrar. Han underviser ved Institutt for musikk ved Høgskulen i Volda.

Saman med Geir hadde Øystein i fjor konsert i Anders Svor-muséet på Grodås, med skulpturane til Svor som utgangspunkt. Konserten blei godt motteken av publikum, og gav idéen til konserten på Alnes fyr. Også denne har visuell kunst som ramme og inspirasjon, denne gongen med fokus på måleri av Ørnulf Opdahl, som har valt ut bilete med spesiell tanke på denne konserten.

Pakkepris for konsert og mat: kr. 500.

Laurdag 14. oktober (siste helga i haustferien) kan du oppleve levande musikk i samspel med bileta til den kjende kunstnaren Ørnulf Opdahl med utvalde gjester i det flotte galleriet på Alnes fyr på Godøya. Har du vore på Alnes før, veit du kor vakkert det er der ute mot...

Billett
-
0
+
527,00 NOK