Studenthuset Rokken
Organizer | STUDENTHUSET ROKKEN |
---|---|
Venue | Studenthuset Rokken |
Studenthuset Rokken
|
|
Date | 10. November 2023 |
Open from | 21:00 to 02:30 |
Michelle Ullestad har vore på radaren det siste året som ein spennande nykommar i det norskspråklege popuniverset. Ho debuterte i 2019 med den vakre, personlege og upolerte låten “Åpen Igjen” som var første singel frå debuten hennar EP “Det var litt mørkt der en periode eller noko”. Dei usedvanlege ærlege tolkingane hennar og skildringar av dei mange utfordringane i livet har hausta entusiastiske meldingar og lovord i norsk presse og bransje. Då ho spelte på Vill Vill Vest i 2021 var det lange køar utanfor spelestaden, og BT hadde dette å seia om framføringa hennar:
"(..)orda blir slik berre spytta ut songarar med noko ekte på hjartet faktisk kan. Nokon tørkar ei tåre, andre gnir bort gåsehuda (..) Michelle Ullestad fortener all hypen ho kan få. 6/6 hjarte»
Michelle er eit låtskrivartalent og ein artist som verkeleg er verd å følgja med på. Sjeldan ser me artistar med ei så sterk evne til å formidla dei såraste og vanskelegaste tankane sine på ein så treffande og medmenneskeleg måte, bunde inn elegant i fengjande pop med gode melodiar og tekstar.
I sommar spelte ho den første festivalsommaren sin, og var innom større festivalar som Bergenfest og Øyafestivalen, og mindre festivalar som Morellfestivalen, og Fresfestivalen. No kjem ho til Rokken den 10. november, og me gler oss!
Medlem: 200,-
Ikke-medlem: 250,-
Dørene opnar: 21:00
Konsertstart: 23:00
18 års aldersgrense
Merchant legal name: STUDENTHUSET AS
VAT: 988024295
Michelle Ullestad har vore på radaren det siste året som ein spennande nykommar i det norskspråklege popuniverset. Ho debuterte i 2019 med den vakre, personlege og upolerte låten “Åpen Igjen” som var første singel frå debuten hennar EP “Det var litt mørkt der en...
Michelle Ullestad har vore på radaren det siste året som ein spennande nykommar i det norskspråklege popuniverset. Ho debuterte i 2019 med den vakre, personlege og upolerte låten “Åpen Igjen” som var første singel frå debuten hennar EP “Det var litt mørkt der en periode eller noko”. Dei usedvanlege ærlege tolkingane hennar og skildringar av dei mange utfordringane i livet har hausta entusiastiske meldingar og lovord i norsk presse og bransje. Då ho spelte på Vill Vill Vest i 2021 var det lange køar utanfor spelestaden, og BT hadde dette å seia om framføringa hennar:
"(..)orda blir slik berre spytta ut songarar med noko ekte på hjartet faktisk kan. Nokon tørkar ei tåre, andre gnir bort gåsehuda (..) Michelle Ullestad fortener all hypen ho kan få. 6/6 hjarte»
Michelle er eit låtskrivartalent og ein artist som verkeleg er verd å følgja med på. Sjeldan ser me artistar med ei så sterk evne til å formidla dei såraste og vanskelegaste tankane sine på ein så treffande og medmenneskeleg måte, bunde inn elegant i fengjande pop med gode melodiar og tekstar.
I sommar spelte ho den første festivalsommaren sin, og var innom større festivalar som Bergenfest og Øyafestivalen, og mindre festivalar som Morellfestivalen, og Fresfestivalen. No kjem ho til Rokken den 10. november, og me gler oss!
Medlem: 200,-
Ikke-medlem: 250,-
Dørene opnar: 21:00
Konsertstart: 23:00
18 års aldersgrense
post@rokken.no
rokken.no
Merchant legal name: STUDENTHUSET AS
VAT: 988024295
You entered in your e-mail address, did you mean ?
Click "continue" to create your account or click "cancel" to change your e-mail address.