Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
Johnny Hide

Johnny Hide - på besøk

Organizer Johnny Hide
Venue Lyder Sagens Gate 3, 1412 Stavanger
Date 3. November 2023
Open from 19:00 to 22:00

For fyrste gang på 13 år returnerer eg til Ryfylket for å spele konsert! Det er skikkelig kjekt at Siv Elin kontakta meg for å få dette til, sida vi er gamle venner frå den tida verda låg for føtene våre, og livet ikkje var meir komplisert enn det vi følte for at det skulle være.

For dei som ikke kjenner meg, så platedebuterte eg i 2003 med bandet Number Seven Deli og plata "Falkner Street", ei plate som blei nominert til Spellemann og hadde 4 låter som blei A-lista på samtlige store og små radiostasjoner i Norge. Seinare har det blitt ytterligere to album med bandet samt to soloplater, og alle har ført til solide mengder turnering og radiospeling.

Dei siste åra har eg holdt en litt lav kommersiell profil, men eg har heile tida figurert som studiomusiker på ei rekke plater med bl.a. Benny Borg, Asbjørn Ribe, GISKE og Peer Nic samt at eg har skrive bestillingsverk til utstillinger.

Finn Bjelke beskreiv meg nylig som "Folkrocken og popens Martin Ødegaard", og det er ikkje eit dårlig skussmål i disse tider.

Kvelden i Lyder Sagens Gate vil surre rundt låtene som kjem på plata "People Are Beautiful" som blir lagt siste hand på no, men som dessverre ikkje rekk å kome fra trykken før over nyttår. Men det vil sjølvsagt også bli plass til låter frå katalogen til Number Seven Deli og frå soloalbuma eg har gitt ut før.

Konsertstart er presis klokka 20.

Eg ser fram til å sjå alle der, de skal være hjertelig velkomne!

For fyrste gang på 13 år returnerer eg til Ryfylket for å spele konsert! Det er skikkelig kjekt at Siv Elin kontakta meg for å få dette til, sida vi er gamle venner frå den tida verda låg for føtene våre, og livet ikkje var meir komplisert enn det vi følte for at det...

Johnny Hide - på besøk.
På besøk hjå Siv Elin.
-
0
+
264,00 NOK