Studenthuset Rokken
Organizer | STUDENTHUSET ROKKEN |
---|---|
Venue | Studenthuset Rokken |
Studenthuset Rokken
|
|
Date | 29. February 2024 |
Open from | 20:00 to 02:30 |
Fay Wildhagen kjem endeleg med nytt album i 2024, og når live-favoritten legg ut på noregsturné, stoppar ho sjølvsagt innom Volda og Rokken!
Arbeidet med «Let's Keep It In the Family» har vore ein omfattande og lang prosess, men Fay Wildhagen fortel at det var nødvendig, og at ho aldri har vore så stolt av noko ho har laga. Musikaren, som vart kjend med albuma «Snow» (2015) og «Borders» (2018) meiner albumet ikkje kunne vorte til med mindre ho torde å kome i kontakt med seg sjølv. Resultatet viser ein lekenhet, musikalsk sjølvtillit og historieforteljing me ikkje har høyrt frå henne tidlegare.
Fay arrangerte alt i forkant, inviterte venane sine i studio, fortalde om låtane og bad dei spela som dei ønskte. Ho beskriv prosessen som ein draum der ho har fått produsera og musisera som ho ville, og fått leika med vennene sine undervegs. Slik ligg det også ei dobbeltbetydning i albumtittelen.
"Det handlar om oppvekst og familie, men også om den vakre sida av å kunna skapa sin eigen familie gjennom musikk. No speler heile familien på plata", smiler ho.
Store delar av familien blir også med på turné, og me er sikre på at det nok er mange som gler seg til å sjå Fay Wildhagen på ei scene igjen. Siste konsert var i Nidarosdomen Trondheim, og han selde ut på ein dag. Det florerte av topp terningkast dagen etter, og var ein perfekt forsmak på det som skal komma:
"No er det plutseleg mange år sidan me har vore ute på ein ordentleg turné, og eg kan nesten ikkje venta til å sjå dykk alle igjen og spela noko av den morosamaste musikken me har spelt nokon gong, med eit nytt killer band! Gleder meg maksimalt til å sjå dykk <3"
Billettar i sal 16. november 09:00!
Dørene opnar 20:00
Konsertstart 22:00
18 års aldersgrense
Merchant legal name: STUDENTHUSET AS
VAT: 988024295

Arbeidet med «Let's Keep It In the Family» har vore ein omfattande og lang prosess, men Fay Wildhagen fortel at det...

post@rokken.no
rokken.no
Merchant legal name: STUDENTHUSET AS
VAT: 988024295
You entered in your e-mail address, did you mean ?
Click "continue" to create your account or click "cancel" to change your e-mail address.