Endelig er det snart klart for Skalkefest igjen!
Teatergruppa har øvd inn nye nummer og Øystein Eckhoff har finstemt songstemma heilt sida i fjor. Vi gler oss til å arrangere nok ein Skalkefest på Åmdal Ungdomshus og håper det blir fullt hus som alltid. Ver rask med å sikre deg ein billett, dei bruka å gå unda!
Dørene opnar kl 20.00 og programmet tek til rundt 20.30. OBS! Oppmoda alle om å møte i god tid før programmet starter!
Deretter ryddar vi plass til dansegulv, og utover kvelden vil Eckhoff entre scena og spele opp til dans med si forlokkande røyst og smektande gitarspeling.
Vi held open kiosk kor det vert mogleg å kjøpe mat og snacks, og det ligg også an til at ein kan teste hell og lykke med kjøp av lodd. I kiosken tek vi foreløpig kun kontant og vipps.
Kleskode: pent antrekk.
Velkomne og vel møtt til Skalkefest 2023!