Austefjordhelg 2018 - Dance With A Stranger + support: Sunnmøre Baarelag

Vollane, Fyrde
08. June 2018
Doors open at 20:30
Doors closes at 02:00
http://facebook.com/austefjordhelg

Dance With A Stranger til Austefjordhelg 2018



I 2018 vil Dance With A Stranger gjennomføre ein eksklusiv sommarturne i perioda juni til august, og denne gongen kjem herrane Øivind Elgenes, Frode Alnæs og Bjørn Jenssen saman med tre musikarar i en frisk og vitalisert utgåve!

Og med stor og iherdig innsats har det lukkast eldsjelene i Austefjordhelg å få kome på den eksklusive turnelista, Fredag den 8. Juni 2018 tek det skikkelig av på Vollane stadion på Fyrde. Austefjordingane danka ut AalesundLive for å kome på turnélista, så dette er sjansen for å få oppleve bandet her i området.

Her vil ein få hits som Everyone Needs a Friend, The Invisible Man, Dance With A Stranger og fleire av dei kjende låtane, samt dei meir ukjente låtane i ”ny” innpakning.

Bandet slo verkeleg gjennom i 1988, der debutalbumet selde meir enn 125 000 eksemplar og vart løna med Spellemann-pris. Etter fleire pauser opp gjennom åra, har bandet hatt fleire comeback, og kvar gong har gleda og energien over å spele live komt tilbake!

Dance With A Stranger er inspirert av blues, jazz, soul, rock og pop, og responsen fra både presse og publikum syner at dei rett og slett er i ein særklasse.

Sommarens turnè vil bestå av 10 – 15 konsertar, så publikum bør kjenne sin besøkelsestid for å oppleve stemninga: -Her blir det fest!



Og ikkje nok med det….. Dance With A Stranger har hatt fleire konsertar i Volda oppgjennom åra frå slutten av 80-talet. Då har Sunnmøre Baarelag stillt opp som oppvarming og supportband. Og slik vert det også denne gongen.

Så sett av datoen 8. Juni for ein kveld med trøkk i med Dance With A Stranger og Sunnmøre Baarelag på Vollane på Fyrde.

Ticket name Choose amount
Konsert med Dance with a stranger. 380 NOK
-
0
+