Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
JAZZKLUBBEN VOLDA ØRSTA

Siril Malmedal Hauge og Kjetil Mulelid har gjort seg til kjenne i det norske musikkmiljøet dei siste åra. Med aktiv turnéring, spelemannsnominasjon, og fleire lovprisa albumutgivingar frå verdsomspennande presse kvar for seg, har dei markert seg som ein sikker stemme for det 21.hundreåret i norsk musikkliv. Sidan dei studerte på jazzlinja i Trondheim for ti år sidan har dei jobba regelmessig saman - først som kjernen bak jazz/pop-prosjektet Fieldfare, og såg igjennom Siril sitt eige soloarbeid med to albumutgivingar, og dessutan konsertar på dei fleste jazzfestivalar og klubbar i Noregs krikar og krokar. Parallelt har Siril markert seg gjennom duoprosjekt med ECM-artist Jacob Young, med to utgivingar, premieringar frå Japan, nominasjon frå “Independent Music Award” i New York, og turnéring i store delar av verda, som Europa, Japan og Sør-Korea. Kjetil har på si side gitt ut 10 album med kvartetten Wako, sin eigen pianotrio og som soloartist - dette har ført til hundrevis konsertar i Europa og Japan, to millionar straumdrag, og lovord frå det musikalske presseorkesteret i heile verda.

No er Hauge og Mulelid samla som duo, og det kan forventast ei blanding av originale låtar og nye kledningar av kjende coverlåtar. Musikken ber preg av Hauges klare og uttrykksfulle stemme og Kjetil sitt finurlege pianospel. Det er musikk i eit iøyrefallande landskap, men med ein god dose motstand og overraskingar som tek lyttaren med inn i dei musikalske universa deira. Våren 2023 kom debutplata deira på Grappa Musikkforlag og denne konserten er ein del av ein turne som strekker seg frå Alta til aust og vestlandet.


Siril Malmedal Hauge - vokal
Kjetil Mulelid - piano

Siril Malmedal Hauge og Kjetil Mulelid duo

https://www.jazzklubben.no
Organizer JAZZKLUBBEN VOLDA ØRSTA
Venue Tredet
Halkjelsgate 8, Volda, Norway
Date 11. April 2024
Open from 19:30 to 22:30

Siril Malmedal Hauge og Kjetil Mulelid har gjort seg til kjenne i det norske musikkmiljøet dei siste åra. Med aktiv turnéring, spelemannsnominasjon, og fleire lovprisa albumutgivingar frå verdsomspennande presse kvar for seg, har dei markert seg som ein sikker stemme for det...

Ordinær billett
300,00 NOK
Student/elev
150,00 NOK
Medlemspris
200,00 NOK