Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
JAZZKLUBBEN VOLDA ØRSTA

Benjamín Gísli Trio,
Med fengjande låtar og varm sound inviterer Benjamín Gísli Trio deg inn i det akustiske universet sitt. Universet ber preg av klassisk musikk og nordisk jazz med mange rom. "Line of Thought "er nyaste albumet til trioen, og det er eit godt stikkord for musikken deira – innimellom lineær og forståeleg, andre gonger søkjande med store og kreative tankesprang som det krev tid å fordøye.
Benjamín Gísli Trio møttest på Jazzlinja i Trondheim hausten 2020 og har sidan då spelt fleire konsertar i Noreg og på Island. Trioen jobbar no mot sitt andre album som skal spelast inn i løpet av 2024.

Benjamín Gísli Einarsson - piano
Andreas Solheim - bass
Veslemøy Narvesen - trommer


Andre band ut er Johanna Reine-Nilsen og Petter Dalane som møttest på Jazzlinja i Trondheim hausten 2020. Duoen speler eit breitt utval låtar, alt frå gamle jazzstandardar, populærmusikk f.o.m 60-talet og eigne komposisjonar. Den raude tråden er vakent og leikent samspel, og ein felles tanke om stil og estetikk.
Johanna Reine-Nilsen er ein 21 år gammal vokalist frå Oslo som nettopp fullførte bachelor i utøvande jazz-vokal på Jazzlinja ved NTNU, der ho vart uteksaminert våren 2023. Ho tek inspirasjon frå mange ulike songarar og sjangrar, både i eigne og prosjekta til andre. Så langt har ho fronta Fy Band og er i gang med soloprosjekt.
Petter Dalane er ein 27 år gammal norsk jazzpianist kjent frå prosjekt som Cosmic Swing Orchestra, Petters Jazzjam og Get Your Goat. Våren 2022 fullførte han mastergrada si ved Jazzlinja ved NTNU. Hans pianospel er sterkt inspirert av Bud Powell, Thelonious Monk, Barry Harris og Chris Anderson.

Johanna Reine-Nilsen – vokal
Petter Dalane - piano

Spelestart: kl 21.15.

Links to artist

Benjamin Gisli Trio & Johanna Reine Nilsen og Petter Dalane

https://www.jazzklubben.no
Organizer JAZZKLUBBEN VOLDA ØRSTA
Venue Tredet
Halkjelsgate 8, Volda, Norway
Date 9. March 2024
Open from 20:30 to 23:00

Benjamín Gísli Trio,
Med fengjande låtar og varm sound inviterer Benjamín Gísli Trio deg inn i det akustiske universet sitt. Universet ber preg av klassisk musikk og nordisk jazz med mange rom. "Line of Thought "er nyaste albumet til trioen, og det er eit godt...

Medlemsskap 2024
Ved kjøp av medlemsskap for 2024 får du første konserten gratis.
See more
450,00 NOK     
Student/elev
150,00 NOK
Medlemspris
200,00 NOK
Ordinær billett
300,00 NOK