Continue to cart ×

Your tickets have been reserved, so don’t hesitate to explore more events, before you check out


More events from
Løvenvold Theater

Few tickets
Image for Få billetter! Hildegunn & Leif-Per utan Kringkastingsorkesteret // Løvenvold Theater
Hildegunn og Leif-Per gjer comeback og kjem til Løvenvold Theater!

Den eksentriske husmora Hildegunn frå Ulsteinvik og taxi-svogeren hennar, Leif-Per, er endeleg tilbake i norsk showbiz!

Hausten 2024 er dei klare for comeback-show med tittelen «Hildegunn & Leif - utan Kringkastingsorkesteret».
Verdsspremiera blir altså på Løvenvold Teater i Ålesund 26. september.

27 år etter at dei slo ned som ei bombe i humor-Norge, er gymnaskompisane Ørjan Liavåg og Fredrik Steen tilbake med eit heilt nytt show fylt til randa med kvardagsdramatikk, spontan galskap og lekker musikk - og som ikkje liknar på så mykje anna på norske scener.

Den overtente Hildegunn, i sterk kontrast til den meir nedpå og slagferdige Leif-Per, vann umiddelbart eit stort publikum over heile landet, og showa med Hildegunn og Leif-Per er sett av godt over 170.000 menneske frå nord til sør mellom fram til dei tok seg ei god pause i 2010.

No er Hildegunn tilbake for å oppsummere kva som har skjedd i familien dei siste åra. Nyskilt og prega av at livet foregår i litt for små forhold enn det ho egentlig er skapt for, er frua frå Ulsteinvik framleis ein smule pretensiøs og sensitiv for sosiale komplikasjonar. Leif-Per køyrer framleis drosje, har fått seg hytte med vakuumtoalett og er blitt langt over snittet god på gitar.

Det blir ein fest av et comback når dei til høsten kjem til Løvenvold Theater for å lage konsert - garantert fritt for Kringkastingsorkesteret - for kven skulle i så fall ha koka lapskaus til heile den gjengen kvar bidige kveld?

Og korleis går det eigentleg med sonen Hans-Robert i Oslo? Og barnebarna May-Monica, May-Tordis, Magne-Svein, Therese-Merethe, Tove-Gunn, Per-Sindre og stakkars vesle Tim?

Dørene opnar 1 time før showstart. Showet startar presis.

Alle billetter til salgs i tikkio.no. Du kan betale via vipps, kort eller klarna.
Har du ei bedrift som ønsker du å betale via faktura, kontakt havard@momentium.no

Merchant legal name: LØVENVOLD THEATER AS

VAT: 928335194

Få billetter! Hildegunn & Leif-Per utan Kringkastingsorkesteret // Løvenvold Theater

https://lovenvoldtheater.no/
Organizer Løvenvold Theater
Venue Løvenvold Theater
Løvenvold Theater
Date 4. Oct 2024
Open from 20:00 to 23:00
Show starts 21:00

Hildegunn og Leif-Per gjer comeback og kjem til Løvenvold Theater!

Den eksentriske husmora Hildegunn frå Ulsteinvik og taxi-svogeren hennar, Leif-Per, er endeleg tilbake i norsk showbiz!

Hausten 2024 er dei klare for comeback-show med tittelen...

Hildegunn & Leif-Per utan Kringkastingsorkesteret.
-
0
+
599,00 NOK
Rullestolplass: Hildegunn & Leif-Per utan Kringkastingsorkesteret
-
0
+
599,00 NOK
Ledsager
Må fremvise ledsagerbevis
-
0
+
0,00 NOK